Eks-ordførar i Lærdal, Arne Sanden, svarar på kommentaren til Ole Ramshus Sælthun. 
Eks-ordførar i Lærdal, Arne Sanden, svarar på kommentaren til Ole Ramshus Sælthun.  (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

MEININGAR

Kva med ein faktasjekk?

Lærdal i økonomisk krise: Eg har med interesse lese Ole R. Sælthun sin kommentar om den økonomiske krisa i Lærdal Kommune.

Han meiner at krisa botnar i 2 forhold;

  1. Det er bygd for mykje og for stort i tidlegare år og dette har gitt kommunen auka driftsutgifter. Og bygginga av kunstsenteret vert omtala som rota til alt vondt. 
  2. Han påpeikar likevel at dei sterkt reduserte inntektene frå skattar innan kraftsektoren kan ingen lastast for. 

Det er grunnleggande for all journalistikk at fakta vert sjekka  før redaktørane set artiklar på trykk i avisene sine. Innhaldet i kommentaren til Sælthun tyder på at verken han eller redaktøren har brydd seg særleg om dette. Det er ille.

Les kommentaren til Ramshus Sælthun her

Arne Sanden. 
Arne Sanden. 

Kunstsenteret

I kommentaren omtalar Sælthun bygginga av kunstsenteret og oppfatninga av at utgiftene kring drifta av dette som «rota til alt vondt» i kommunen sin økonomi. Eg har sjekka påstanden, gjennom innsyn i dei kommunale rekneskapa, og dei viser følgjande fakta:

I dei 4 åra (2008 – 2011) før kunstsenteret, musikkstudio  og ombygginga av kulturhuset var ferdigstilt i 2011, hadde kommunen netto driftsutgifter til drifta av kulturhuset, museum, kino og FDV på kulturhuset  på i snitt 524.000 kr pr. år. I åra etter ferdigstilling ( 2012 – 2015) er dei same utgiftene redusert til i snitt 422.000 kr pr. år. Det har med andre ord vore ein nedgang i driftsutgiftene på om lag 100.000 kr pr. år. Eg kjenner elles svært godt til dei samla utgiftene ved realiseringa av kunstsenteret, musikkstudio og ombygginga av kulturhuset i 2010 og 2011. Inklusiv kjøp av tomt, samt planleggingsutgifter, vart dei samla utgiftene 42,961 mill kroner. Sjølve bygget/ombygginga fekk ein kostnad på 39,97 mill kr. Kommunen fekk tilsagn om og har fått utbetalt 7,990 mill kr i tilskot og fekk dessutan 8,4 mill kr i mva kompensasjon til bygget. I tillegg gjorde kommunestyret allereie i 2007 vedtak om å  nytte 4 mill kr i eigenkapital til finansieringa av prosjektet, slik at den langsiktige lånebelastninga til prosjektet er knytt til eit lånebeøp på 22,571 mill kr. 

Med grunnlag i ei rente på 1,5 % (tilrådd som kommunal budsjettrente for 2017 av Kommunalbanken) og ei avdragstid på 40 år og at lånet no er nedbetalt i 5 år, vil dei samla kapitalutgiftene knytt til utbygginga i 2010/2011 dermed verte om lag 860.000 kr i 2017. Desse utgiftene vil kommunen også ha om kulturhuset vert stengt. Eg vil elles minne Porten  om at det er Sogn og Fjordane Kunstmuseum som står for drifta av kunstsenteret i Lærdal. Om kunstsenteret har 1 eller 1000 besøkande påverkar difor  i svært liten grad kommunen sine driftsutgifter til sjølve kunstsenteret. Og samla sett har altså ikkje utbygginga i 2010/2011 medført at kommunen sine netto driftsutgifter til kulturhuset har auka, tvert i mot tyder rekneskapstala på at dei er redusert med ca 100.000 kr årleg. Kapitalutgiftene til kunstsenteret for 2017 er og, til samanlikning, lægre enn kommunen sine samla lønsutgifter til ein av dei nye kommunalsjefane. Kostratala viser elles at Lærdal sine korrigerte brutto driftsutgifter til administrasjon har auka med heile 40 % frå 2011 til 2015. I Årdal Kommune går dei tilsvarande utgiftene ned med 27 % i same periode. Kanskje Porten og Sælthun burde sjå nærare på desse forholda?

Det er og verd å merka seg at kinoen i Lærdal gjekk med vel  50.000 kr i overskot i 2015 og hadde ein auke i billettinntektene med heile 205 % frå 2012 til 2015. Kinoansvarleg  Øyvind Hamre fortener skryt og ros for både god økonomisk drift og høg kvalitet på kinotilbodet.  Kinoen er eit viktig kulturtilbod i Lærdal, ikkje minst for dei unge.

Skulebygg og barnehagebygg.

Elles meiner  Sæltun i kommentaren sin at kommunen har bygt for stort og prangande. I tillegg meiner han at me har vore for optimistiske i folketalsutviklinga. I perioden 2005 til 2011 vart Lærdalsøyri Skule utbygt med småskule og idrettshall, samt at hovudbygget vart renovert.  I 2010/2011 vart det bygt nytt i barnehagen. Samla brutto kostnad med desse prosjekta vart om lag 125 mill kroner. Då er utgiftene til erstatningar kring anbodsprosessane medtekne. Fråtrekt tilskota og mva kompensasjonen er om lag 85 mill kroner av utbygginga finansiert gjennom lån. 

Då ny idretthall og småskule vart planlagt i 2004 og 2005, vart det naturlegvis gjort med utgangspunkt i alle kjende tal for elevutviklinga i Lærdal. Det same var tilfelle for renoveringa av hovudbygget ved LØS i 2009 til 2010. Slik var det og for nybygget ved Lærdalsøyri barnehage i 2010 og 2011. At tal føddei Lærdal pr. år  har gått litt ned dei siste åra, var det sjølvsagt ingen som kunne sjå i 2008. Eg vil her vise til at ingen av borna som i dag har plass i barnehagen, var fødde når byggeprosjektet vart starta i 2010.  At nybygga og dei renoverte bygga vart spesielt dyre eller prangande og flotte, har eg og store vanskar med å sjå. Her kan me enkelt samanlikne oss med kva som er bygt og renovert i andre kommunar i same tidsperiode. 

Behova for nybygg og renovering av dei eksisterande bygg var og særleg store, både ved Lærdalsøyri Skule og i barnehagen. Skulen vart teke i bruk i 1969 og var etter 40 år overmoden for renovering. Brakkeløysinga i barnehagen var nesten like gamal som skulen og både borna og dei tilsette i barnehagen fortente å få nybygget, som stod ferdig i 2011. 

Eg har, på same vis som for kulturhuset, sjekka dei kommunale rekneskapa for å finne utviklinga av netto driftsutgifter til FDV ved skule og barnehagebygga våre.  Rekneskapa viser at netto driftsutgifter til FDV i 2009 var 6,259 mill kr for alle skulebygga i kommunen. I 2015 var dette redusert til 4,645 mill kr. Det betyr at nybygga og renoveringa har ført til at kommunen har hatt ei innsparing på ca 25 % av driftsutgiftene til FDV på skulebygga. Tilsvarande finn eg ei innsparing på ca 20 % for FDV til barnehagebygga våre i same periode. Eg skuldar å gjere merksam på at eg  har trekt ut avskrivingane, då desse utgiftene ikkje har resultatverknad i dei kommunale rekneskapa. 

Kapitalutgifter

Utgiftene til renter og avdrag har derimot resultatverknad på netto driftsresultat i dei kommunale rekneskapa  og Sælthun burde sjå nærare på utviklinga her dei siste åra. Det er kjent for dei fleste at renta har vore låg dei siste 5 -6 åra og at den no er på eit historisk lågt nivå. Dette har sjølvsagt og hatt stor påverknad for resultata i dei kommunale rekneskapa. Rekneskapa  viser nemleg at i 2011 betalte Lærdal Kommune 8,5 mill kr i renteutgifter, i 2016 er det budsjettert med 3,7 mill kr i tilsvarande utgifter.  Renteutgiftene er med andre ord meir enn halvert  på 5 år. Og  kommunalbanken sine rådgjevarar tilrår ei budsjettrente på 1,5 % for både 2017 og 2018. Med låge renter og at dei har vore fallande frå 2010, var taimingen ved alle investeringane i 2009 – 2011 svært god, det i motsetnad til det Sælthun hevdar. Det var og den låge renta som låg i botnen for vurderingane, når kommunen i 2011 kjøpte Helsesenteret frå Molde Eigedom. Det kosta kommunen eit lån på 12,5 mill kr, men den låge renta medfører at kommunen i 2016 truleg har ei innsparing på nær  1 mill kr på dette tiltaket åleine.  Når me i tillegg visste at kommunen ville få nye og sikre inntekter frå overtakinga av Stuvane Kraftverk frå 2014, så vart taimingen for investeringane  enno betre.  Å hevde at driftsutgiftene og kapitalutgiftene til nyinvesteringane i perioden 2005 – 2011 er årsaken til kommunen sine økonomiske vanskar er av desse grunnar direkte feil. 

Reduserte inntekter:

Sælthun har sjølvsagt heilt rett i at kommunen har mista inntekter på grunn av lægre kraftprisar dei siste åra. Kunnskapen kring grunnlaget for  eigedomsskatten på kraftverk og bindinga den har til kraftprisen, er likevel slik at dette neppe kan ha kome som julekvelden på kjerringa. At inntektene frå sal av konsesjonskrafta går ned av same årsak er heller ikkje ei stor overrasking. Men det som verken Sælthun eller ordførar nemner med eit ord, er at kommunen har fått  nye inntekter gjennom overtakinga av Stuvane Kraftverk og at uttaket av konsesjonskraft har auka frå ca 55 GWh til 72 GWh dei siste åra. Det er med andre ord ikkje heilsvart.  Dei nye inntektene har likevel ikkje kompensert for tapa og det må til store innsparingar for å oppnå budsjettbalanse. Då må dei folkevalde vite noko om utviklinga av driftsutgiftene og kvar me skil oss ut i stort forbruk. Eg vil her kort vise til at Lærdal Kommune sine netto driftsutgifter, ex avskrivingar, i perioden 2012 til 2015 har auka med heile 14,7 %, medan den samla pris og lønsveksten for same perioden er berekna til snaut 10 %. Årdal Kommune har til samanlikning redusert sine netto driftsutgifter med 7,2 % i same periode. Tilsvarande har lønsutgiftene i Lærdal auka med 16 %, medan Årdal har redusert sine lønsutgifter med 3,1% i same periode. 

Ordføraren og rådmannen i Lærdal snakkar om innsparingar, men aukar likevel dei samla utgiftene. Og sjølv om opplysningar frå budsjettprosessen for 2016 hausten 2016 gav signal om store økonomiske utfordringar, så viser siste tertialrapporten at utgiftene truleg held fram med å auke i 2016. Det er i desse fakta  at dei store utfordringane for Lærdal Kommune no ligg. 

Til toppen