FILM: Under årsavsluttninga til Årdal FK 2015 vart det synt fram ein film som syner litt av kva som rører seg rundt Årdal FK.  
FILM: Under årsavsluttninga til Årdal FK 2015 vart det synt fram ein film som syner litt av kva som rører seg rundt Årdal FK.  

Kva rører seg rundt Årdal FK?

Gjengen bak Årdal FK ønskja å laga ein film som synte kva som rører på seg utanom dei 90 speleminuttane folk flest ser. Sjå filmen her!

– Det er mange eldsjeler som er i sving både før, under og etter ein kamp, seier Børge Kilen som har vore med på å produsera filmen. 

Videoen som vart synt under fjorårets avslutning, var eit påfunn av Kirsti Gulbrandsen, Beate Sem-Johansen, May.Britt Bjørkum og Marit Bukve. 

– Overdreven karikatur

I hovudsak vart det kioskdamene som var hjernen bak filmen, men fleire engasjerte fotballentusiastar har bidrege til å laga videoen. 

– Me ønskja å laga ein behind the scenes film som syner kva som rører på seg rundt Årdal FK. Det er ikkje berre dei 90 minuttane av kampen som betyr noko. Mykje skjer både før og etter, men dette er altså ein overdreven karikatur av laget, seier Kilen. 

Saman med Morten Brandsdal har Kilen skrive manus og filma. 

– Det er mykje som ikkje vart med som me filma. Hovudmålet vårt var å syna kor mange aktørar som er engasjert i Årdal FK. Rykte gjekk før avslutninga og alle i miljøet såg fram til å sjå den. Responsen var overveldande og me fekk til og med ståande applaus, seier Kilen. 

Snakk om ein oppfølgjar 

Om det vert ein oppfølgjar til fjorårets film, må ein vente å sjå  til årets sesong er i gong.

– Spelargruppa har nok nokre klare meiningar om kva oppfølgjaren vil bli. Men fyrst må me koma i gang med sesongen. Det blir i så fall teke litt på sparket, seier Kilen. 

I filmen får me sjå førebuingane som må til før ein heimekamp. Ifølge Kilen, går det ikkje ein heimekamp utan storslått frukost med heimelaga bakst, karbonader og speilegg. 

– Det er full frukost for alle mann. Kirsti bakar to til tre kaker kvar heimekamp. Det er mange som er i sving. Ofte kan det sjå ut som om kioskdamene berre er der under kampane, men dei syner eit stort engasjement, med ein artig vri. Det var dette me ønskje å syna fram med filmen, seier Kilen.  

 

Til toppen