FEIL: Det er på dette jordet og området rundt pelletsfabrikken kjem om Simas får det som dei vil - heilt feil plassering, skriv Anna J. Avdem og Hans A. Tønjum. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
meiningar
FEIL: Det er på dette jordet og området rundt pelletsfabrikken kjem om Simas får det som dei vil - heilt feil plassering, skriv Anna J. Avdem og Hans A. Tønjum. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
meiningar

Kva vil me med Håbakken?

Har me råd til å plassera industriproduksjon med bråk, lukt, røyk og masse tungtrafikk midt i portalen til den grøne kommunen og det vakre fjordfylket vårt – berre fordi det er lettvint? Svaret er nei, skriv Hans A. Tønjum og Anna J. Avdem

  • Endret

I 1995 vedtok Lærdal kommunestyre at tunnelpåhogget på lærdalssida av verdas lengste vegtunnel skulle leggjast til Håbakken. Her var det areal nok til både veg og ”vegrelatert” næringsutvikling, utan at det gjekk for mykje ut over dyrka jord.

Underteikna representerte dei politiske grupperingane som utgjorde fleirtal for Håbakken, og argumenta ligg friskt i minne. Håbakken skulle utviklast som innfallsport til Lærdal, Sogn og resten av fylket.

Her ynskte me at dei vegfarande skulle stoppa, møta den grøne kommunen og få informasjon om attraksjonar og opplevingar i distriktet. Her skulle dei få mat og drikke, og planen var å få både torgsal og bensinstasjon hit.

Det er over 20 år sidan vedtaket. Håbakken har fått vegkro, vegstasjon og anna næringsverksemd, men kvar går vegen vidare? Alle ynskjer me arbeidsplassar, og dei som styrer Lærdal kommune vil no plassera eit stort bosbrenningsanlegg med pelletsfabrikk i Håbakken.

Det er sikkert lettvint og ”effektivt” å plassera eit slikt anlegg her som vegane møtest. Men har me råd til å plassera industriproduksjon med bråk, lukt, røyk og masse tungtrafikk midt i portalen til den grøne kommunen og det vakre fjordfylket vårt – berre fordi det er lettvint? Svaret er nei.

Simas-prosjektet er spennande og interessant, men det må berre ikkje leggjast til Håbakken. Lærdal kommunestyre må ta seg tid til å tenkja etter kva for ein attraksjon verdas lengste vegtunnel er, og kor viktig Håbakken er som hovudportal inn til bygda og distriktet vårt.

Det er ein ypparleg plass for utvikling av næringar knytt opp mot dei vegfarande, men totalt ueigna for ein bosbrenning og pelletsfabrikk.

Hans A. Tønjum og Anna J. Avdem

 

Til toppen