FÆRRE BARN OG FLEIRE ELDRE: – Når den økonomisk stoda er så dramatisk og dreiinga i framtidige behov så klare, må diverre også nedlegging vurderast, skriv rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr. Foto: Ina Eirin Eliassen
meiningar
FÆRRE BARN OG FLEIRE ELDRE: – Når den økonomisk stoda er så dramatisk og dreiinga i framtidige behov så klare, må diverre også nedlegging vurderast, skriv rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr. Foto: Ina Eirin Eliassen
meiningar

Kva vil me med Lærdal?

– FAU ved Ljøsne skule spør politikarane i Lærdal kva dei vil med grendene? Eg skal ikkje gå inn i den debatten, men finn det rett å kommentere noko av FAU sitt innlegg, skriv rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr. 

  • Endret

Kva tenester me har behov for vert definert av folketal, alders- og kjønnsfordeling. Alle prognosar – også dei som er baserte på høg vekst - viser at barnetalet i Lærdal går ned og tal eldre aukar når me ser 10-15 år fram i tid. Det same biletet finn me i dei aller fleste norske kommunar på Lærdal sin storleik. Konsekvensen er at me over tid må flytte ressursar frå oppvekst over til helse- og omsorgstenester. Avgjerda om korleis og når dette skal gjerast ligg i hendene på politikarane. 

Gjeldande økonomiske stode er at Lærdal kommune har fått redusert sine inntekter med 15 mill kroner. Dette utgjer 10% av nettobudsjettet til kommunen. Det er varsla endringar i systemet for overføring av inntekter frå staten til kommunane. Endringane slår negativt ut for småe kommunar som Lærdal og det er stor risiko for at inntektene våre går endå meir ned. Dei økonomiske rammene har såleis endra seg vesentleg i negativ lei. At det kom endringar var me budde på, men at dei var så store kjem som ei ny utfordring for både politikarar og administrasjon.  

Med dette som bakgrunn har politikarar og administrasjon sett seg som felles mål å redusere driftsnivået i kommunen med 20 mill kroner. Då er ikkje drifta påverka av svingande inntekter lenger. 2/3 av kommunen sitt budsjett går til Oppvekst og Pleie og omsorg. Dei store kutta må difor finnast her. Åtte millionar skal finnast innafor Pleie og omsorg gjennom ombygging av aldersheimen til omsorgsbustader, 4 millionar innafor oppvekst, resten er fordelt på andre tenester. 

FAU hevdar at rådmannen sitt framlegg innafor oppvekst er i utakt med politikarane, men framlegget er identisk med politikarane sitt framlegg. Skilnaden er at rådmannen har lagt inn tiltaket med verknad frå skuleåret 2016-17, politikarane frå skuleåret 2017-18. Om det betyr nedlegging av ein skule eller andre innsparingstiltak, skal konkretiserast gjennom framlegg til skulebruksplan som skal vedtakast av politikarane. 

 Å stengje ein skule betyr ei nedlegging, d.v.s. flytte elevar og seie opp tilsette.

FAU omtalar stenging av ein skule som om det er uklart kva dette betyr og kva som er meint med dette. Å stengje ein skule betyr ei nedlegging, d.v.s. flytte elevar og seie opp tilsette. Den samla driftskostnaden for Ljøsne skule inklusive SFO er rundt rekna 6 mill kroner. Nedlegging betyr ein tilsvarande innsparing, men ei nedlegging utan å tilføre noko ressursar på andre skular er urealistisk. Dersom ein ikkje legg ned, må det investerast i bygget. Kostnader til investering kjem i tillegg, slik at skilnaden mellom å eventuelt legge ned eller drive vidare fort veks til 6,5 – 7,5 mill kroner, avhengig av kva som må gjerast med bygget. 

Eg har både sympati og respekt for engasjementet rundt skulen. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å legge ned ein skule, det er eit dramatisk steg å ta. Signalet frå politikarane er at alle steinar skal snuast. Når den økonomisk stoda er så dramatisk og dreiinga i framtidige behov så klare, må diverre også nedlegging vurderast.  

Til toppen