UTAKT MED FOLKEVILJEN: Med klare lovnader om å halda på skulane og skulestrukturen i Lærdal, gav veljarane i Lærdal sitt fleirtal til partia som lovde å bevara skulestrukturen som den er. Likevel ser me igjen ein rådmann som er i utakt med denne folkeviljen, skriv FAU på Ljøsne skule.
meiningar
UTAKT MED FOLKEVILJEN: Med klare lovnader om å halda på skulane og skulestrukturen i Lærdal, gav veljarane i Lærdal sitt fleirtal til partia som lovde å bevara skulestrukturen som den er. Likevel ser me igjen ein rådmann som er i utakt med denne folkeviljen, skriv FAU på Ljøsne skule.
meiningar

Kva vil politikarane med grendene?

FAU ved Ljøsne skule jobbar intenst for å redde skulen og har skrive eit lesarinnlegg med sine tankar om ei potensiell nedleggjing. 

«Ein kommune er eit fellesskapsprosjekt. Ønskjer ein å oppretthalda desentralisert busetnad og skapa vekst i heile kommunen, er ungar og aktivitet i grendene den viktigaste føresetnaden. Med dette perspektivet meiner Lærdal SV at ein òg i framtida treng dei tre skulekrinsane.» 

«Ein trygg heim, ein jobb, eit levande lokalsamfunn og ein god lokalskule er grunnlaget for at folk etablerer seg. Lærdal Senterparti vil behalda ein skulestruktur med nærmiljøskular på Borgund, Ljøsne og Øyri.»

Med klare lovnader om å halda på skulane og skulestrukturen i Lærdal, gav veljarane i Lærdal sitt fleirtal til partia som lovde å bevara skulestrukturen som den er. Likevel ser me igjen ein rådmann som er i utakt med denne folkeviljen. Grunngjevinga er  ut i frå den gjeldande økonomiske situasjonen. 

Det er ikkje ved å stengja skulebygg ein kan spara pengar. Det kommunen sparer i driftsutgifter knytt til skulebygg er bagatellar, samanlikna med det kommunen sparar ved å fjerne stillingar. Ei stilling åleine utgjer meir i innsparing enn driftsutgiftene til sjølve bygget. Vedlikehaldsoppgåver og enkle reparasjonar ved Ljøsne skule har over tid vore på eit minimum, er dette ein bevisst valt strategi? FAU har lese tilstandsrapporten for Ljøsne skule og meiner at ein med enkle reparasjonar, og ved snu om på bruken av bygget, kan få ein god nok skulebygning.

Me er alle opptekne av at skulane i Lærdal skal gje god, framtidsretta opplæring i trygge omgjevnader. Foreldra ved Ljøsne skule er og opptekne av det. Ikkje berre for eigne born, men for alle borna i Lærdal. Når det er lærarressursane i skulen som kostar, er det også lærarressursane i skulen som må bort. Dersom ein skal spara pengar på skulenedlegging, vil det bety at stillingar må bort. Å flytta elevar frå Ljøsne skule ned på Lærdalsøyri skule, vil dermed bety at det blir færre ressursar på kvar elev ved skulen. Stillingar som vert fjerna vil ikkje følgja elevane til ny skule. 

Læraren er den einskildfaktoren som betyr mest for kvaliteten på undervisninga. Dette er synleg gjennom å sjå at forskjellane på kvaliteten i undervisninga gjerne er større frå klasserom til klasserom på ein skule, enn den er mellom ulike skular. 

På 1990-talet forska professor Rune Kvalsund på små og store skular. I rapporten: «Relasjonar som raknar» frå Møreforsking, dokumenterer Kvalsund m.fl. at samarbeidet mellom heim og skule er sterkast og mest allsidig på små skular. Det kan grunngje fleire av funna til forskargruppene, mellom anna at foreldra støttar og oppmuntrar i skulearbeidet. Skule/heim samarbeidet er noko av det som fungerer særs godt ved Ljøsne skule. 

I seinare forsking på sosial læring har Kvalsund påvist at dei små skulane gjev betre vilkår for sosial læring. Dette vert grunngjeve med at denne skuleforma stimulerer til breiare sosial omgang med eldre og yngre born og med born av begge kjønn enn tilfelle er ved dei store skulane (Scandinavian journal of Edicational Research, Vol 48, Nr.4 2004). Dette har me også gode erfaringar med på Ljøsne.

Observasjonar og konklusjonar i prosjektet: « Skole og oppvekst i spreidtbygd busetting» ved Høgskulen i Nesna, av forskarane Berg-Olsen, Davidsen og Johansen er heilt i tråd med Kvalsund sine funn ( jfr. Kp. av Solstad i boka «Motstraums» del II, kp.3) 

Skulane i Sogn og Fjordane og Oslo har det til felles at dei gjer det generelt best på skulen i Noreg. Dette er to ulike verdenar,  kvifor  desse to fylka heng saman i så måte, er framleis uvisst.  Eit fellestrekk kan vera at elevgruppene i desse to fylka er mindre homogene, og difor utfordrar  kvarandre meir i ein læringssamanheng? 

Om dette er tilfellet eller ikkje, er det å slå saman skular i Lærdal det same som å tilpassa elevane til opplæring, og ikkje opplæringa til elevane. Læring handlar lite om skulebygg og elevtal. Læring handlar om sosiale relasjonar og tryggleik. Dermed får me ei god samhandling som er med på å utvikla både elevar, foreldre og lærarar. Slikt tar tid å byggja, men er veldig raskt å riva ned. 

Om ein skjønar dette, skjønar ein og, korleis Ljøsne skule også har ei rolle som anker i grenda. Det er eit samlingspunkt, og ein katalysator for aktivitet i grendene. Elevtala i Lærdal i dag syner at vi allereie no kan samla alle elevane i bygda ved Lærdalsøyri skule, men det vil vera å ta bort ein hjørnestein i grendesamfunna på Ljøsne og Borgund.  Det er å leggja opp til, om ikkje ei styrt avvikling , så til ei styrt nedbygging av heile Lærdal.  Det er FAU på Ljøsne skule ikkje med på. 

Sunt bondevet gjorde at ordføraren vår fekk klubba si igjen. Klubba må brukast til å byggja, ikkje riva. 

Me hugsar kva som var ordføraren sin fyrste lovnad valnatta.

Helsing FAU, Ljøsne skule

Til toppen