FLEKSIBELT: Gymsalar som den på Ljøsne er eit svært fleksibelt bygg for å husa sunne og trivselsfremjande aktivitetar. Burde ikkje då kommunen vera interessert i slik etterbruk heller enn å bruka pengar på å riva bygningen - eventuelt berre lata den stå og forfalla? Foto: Ole Ramshus Sælthun
meiningar
FLEKSIBELT: Gymsalar som den på Ljøsne er eit svært fleksibelt bygg for å husa sunne og trivselsfremjande aktivitetar. Burde ikkje då kommunen vera interessert i slik etterbruk heller enn å bruka pengar på å riva bygningen - eventuelt berre lata den stå og forfalla? Foto: Ole Ramshus Sælthun
meiningar

Kva vil skje med bygningane?

Det vil ikkje møta opp elevar på Ljøsne skule når skuleåret 2017/2018 startar opp. Men lysa i alle bygningane treng ikkje vera slukka av den grunn. 

KRONIKK: Skulen eg gjekk på i seks år vart vedteken lagt ned av politikarane i Lærdal for to månaders tid sidan. Skulen far min, onklane mine, tanta mi, bror min og alle andre born frå Ljøsne fødde etter krigen har gått på. Skulen alle me som har vakse opp på Ljøsne er så frykteleg glade i.

Les også: Ljøsne skule blir lagt ned

Difor vart det kjensleladd då skulen vart lagt ned med ni mot åtte røyster. Så klart. Det var lov å grina. Lov å vera sint.

Lovlegheita av vedtaket vart kontrollert av Fylkesmannen - men vedtaket vart kjent gyldig. 

Les også: Siste spikaren i kista for Ljøsne skule

Men no må ein ha tørka tårene og lagt bort sinnet. Fordi nedlegginga reiser nye spørsmål. Og då bør hovuda vera klåre.

Fantastisk, fleksibelt bygg

Tre ting skjer no. Lærarar blir oppsagde. Krinsgrensene og skuleskyss må avklarast. Og ein plan for skulebygningen må lagast. Eg vil seia litt om det siste.

Sjølve bygningen består av fire deler. Veslestova, det kapelliknande bygget lengst vest, er nyast og vart bygd for 6-åringane (SFO) i samband med reform 97. Dette står kopla på den eldste bygningen frå 1955. Delen som stikk ut mot vegen vart bygd i 1983-84, det same gjeld den frittståande gymsalen.

Eg vil snakka om sistnemnde, sjølv om desse tankane også kan vera aktuelle for deler av bygningsmassen for øvrig.

Gymsalar av denne typen er eigentleg fantastiske bygg - dei kan nyttast til det meste av samlande aktivitetar. Gym - det vil seia fotball, handball, bandy, volleyball, basketball, turn, styrketrening og så vidare.

Ein kan dansa her. Det er ei scene og eit høgtalaranlegg - altså kan ein halda teater, konsertar, debattar, føredrag og møter på denne scena med plass til eit tilhøvesvis stort publikum. Ein kan ha tilstelningar og festar i samband med høgtider og anna i dette utruleg fleksible bygget.

Kommunen vil kvitta seg med gymsalen og resten av bygningane. Det er for så vidt forståeleg nok.

Når kommunen har kvitta seg med det, vil dei helst ikkje ha meir med bygningane å gjera. Det tenkjer eg det går an å reisa ein debatt rundt.

Rådmannen skriv i saksdokumenta at det ikkje er uvanleg å gje vekk slike bygg vederlagsfritt. Jau, det skulle vel nesten berre mangla. Men sei no at ein gjeng eldsjeler ønskjer å få til noko med gymsalen og eventuelt fleire av bygga. Kva med å vera enno litt meir imøtekomande? Gratis straum, for eksempel. Kanskje ein avtale om eit årleg tilskot til vedlikehald og liknande i ein periode, i det minste som ei prøveordning.

Eg veit at kommunen er i ei djup, økonomisk krise og at det difor kanskje er umusikalsk å kasta fram slikt no. Men for det første; så vidt eg veit vil bygningane kosta ein heil del å riva også. Summen veit eg ingenting om, men eg tippar me er i millionklassen.

For det andre; slik det blir framstilt kjem budsjetta til å bli romslegare frå 2018. Då får ein heilårsverknad av skulenedlegginga. Då skal ein få full verknad av ombygginga ved Lærdal bu- og omsorgsheim og gjennom dette spara minst 8,5 millionar kroner på drift innan Pleie og omsorg årleg - slik er det i alle fall å forstå. Og ein skal ha sanert administrasjonen i kommunen gjennom prosjektet Optimal organisering.

Med ein førespegla betra økonomi frå 2018 av burde velvilje til å skapa ein møtestad i grenda Ljøsne vera eit betre alternativ enn å riva bygga. Eller lukka augo og lata dei falla ned av seg sjølv.

For det kan, potensielt sett, bli ein møtestad med høve for eit svært vidt spenn av aktivitetar folk i alle aldersklassar kan delta på - og som altså fremjer folkehelse og trivsel gjennom idrett, kultur og sosialt samvære. Å ha slike tilbod i nærmiljøet med høve for meir og mindre organisert aktivitet på fritida vil eg seia er nesten like viktig som nærleik til skule i desse tider ein snakkar mykje om passive unge som har mobilen som fremste møtestad.

Å tenkja i desse baner burde i alle fall vera noko for parti som kjenner på at dei ligg an til å mista mykje av veljargrunnlaget sitt på Ljøsne - ein form for plaster på såret for å redda stumpane. 

«Ned i slummen me går»

Uansett kva som skjer med bygningane blir det ikkje skule på Ljøsne meir. Korleis vil det bli? Foreldra har stilt betimelege spørsmål om skuleskyss og skulegrenser. At det ikkje var funne ei heilskapeleg og god løysing på dette då FAU ved Ljøsne skule heldt møte for foreldra med mellom andre oppvekstsjefen til stades, kan knappast kallast ei overdriving. Men løysinga skal koma på nyåret, så får me sjå korleis den blir sjåande ut.

Les også: – Omsynet til bornas beste har falle totalt for økonomi

Eit anna spørsmål er korleis det blir for elevane å gå heile skulegangen frå første til tiande klasse på Øyri kontra å gå dei første sju åra på Ljøsne og dei tre siste på Øyri. Det blir eit svært teoretisk spørsmål det på ingen måte finst eit klart og eintydig svar på, men veldig mange svar. Fordi elevane er ulike og har ulike eigenskapar, mellom mykje anna.

Så, for å prøva å trekkja noko positivt ut av dette - utover den førespegla økonomiske innsparinga - skal eg gjera eit slags tankeeksperiment med utgangspunkt i meg sjølv og ein episode frå mi tid på Ljøsne skule. I 7.klasse - rett før me skulle ned på ungdomsskulen på Øyri, fekk me i oppgåve av læraren vår å skriva eit dikt om tida på Ljøsne skule. Eg og ein kompis dikta. Eg hugsar ikkje eksakt, men eg trur ei linje gjekk slik: «Ljøsne skule består». Neste linje hugsar eg nøyaktig: «Ned i slummen me går».

For det var så fint å gå på Ljøsne. Lite og trygt. Fantastiske lærarar. Me vart flinke. Ei slags draumeverd, meir eller mindre. Øyri verka skummelt. Mykje større, mykje fleire. Øyringar me ikkje kjende. 

Me måtte forresten stryka den linja - læraren tykte ikkje det passa seg. 

Så, sei at me hadde gått i barnehagen via barneskulen og til ungdomsskulen med dei same jamnaldrige heile vegen. Då hadde det ikkje vore nokon skummel overgang. Og me hadde vore vande til større miljø frå me var eitt til 15-16 år, før me skulle over i eit enno større miljø på vidaregåande. 

Ein annan ting er at me truleg ikkje ville ha sett på det som «oss ljøsningane» og «dei skumle øyringane». Det hadde vore «oss lærdølene». 

Poenget mitt er: på lenger sikt ser kanskje fleire seg som «lærdøler» meir enn «ljøsningar», «øyringar» og for så vidt «borgynder» viss ungane går heile vegen frå barnehage til ungdomsskule i lag. Ein kan meina kva ein vil om det, men eg for min del trur det i så fall er meir godt enn gale.     

Til toppen