Leikanger: I dag klokka 10.00 la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2018.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har invitert omlag 30 ordførarar, rådmenn og andre kommunale leiarar i fylket til Statens hus på Leikanger. Der vil dei diskutere kva verknader neste års budsjett får for kommunane i fylket.
Vi skulle eigentleg ha strøyma heile sendinga, men på grunn av tekniske utfordringar let det seg diverre ikkje gjennomføre.
Fylkesmannen har utarbeidd ei oversikt som viser at kommunane i fylket får ei lågare vekst i dei frie inntektene enn snittet i landet. Den ligg på 2,6%, medan snittet her i fylket er 2,3%.
Her i Sogn er det berre Sogndal som får ei vekst i dei frie inntektene, som er høgare enn landssnittet:
Aurland: 1,3 prosent
Balestrand: 1,3 prosent
Vik: 1,4 prosent
Luster: 2 prosent
Sogn og Fjordane: 2,3 prosent
Leikanger: 2,4 prosent
Årdal: 2,4 prosent
Lærdal: 2,4 prosent
Landet: 2,6 prosent
Sogndal: 3,1 prosent
Porten.no er sjølvsagt òg på plass for å få kommentarar og reaksjonar frå ordførarane i Sogn, ekspertar og andre interessante kjelder.