Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto. (Bilde: Privat)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

Kvalitet og valfridom – uansett alder

Regjeringa har lagt eit godt grunnlag for vidareutvikling av velferdssamfunnet.  Eit samfunn som skal gi trygg omsorg og raskare behandling for dei som treng det.  Ventetidene ved sjukehusa er komne under betre kontroll, fleire får behandling innafor tidsfristane, og behandlingstida skal ytterligare ned.

Kvalitet i tenestene og valfridom i tilbodet av tenester er nøkkelord for Høgre sin helsepolitikk.  Private, frivillige, ideelle og det offentlege må samhandle for eit best mogleg helsetilbod, men det offentlege skal ha hovudansvaret.  Høgre ønskjer at fleire skal kunne bu heime lengre, og leve eit aktivt og sjølvstendig liv med tilpassa tenester.  Men … ein føresetnad er at det er tryggheit for sjukeheimsplass når behovet er der.

Høgre vil at det skal førast ein politikk som sikrar eldre sjukehusstenester og moglegheiter for rehabilitering på lik linje med resten av innbyggarane.  Høgre vil at kunnskap og forsking om aldring og helse skal vidareutviklast, spreiast og implementerast.

Mange ganger sviktar det med det aller viktigaste i eldreomsorga: Sunn og nylaga mat, helsehjelp, aktivitet og fellesskap.  Det er ikkje alltid like lett å sjå samanheng i tenestene.  Regjeringa startar no arbeidet med å utarbeide ei reform som skal forhindre at samanhengane sviktar – ei kvalitetsreform for eldre som kallast «LEVE HEILE LIVET».

Målet er at eldre skal få hjelp til å meistre siste del av livet, og at pårørande skal sleppe å slite seg ut.  Vi må finne verktøya som fungerar i praksis og sørge for at dei vert tekne i bruk i heile landet.  Uansett bustad skal alle eldre få dekke sine grunnleggande behov og oppleva tryggheit.

Eldreomsorga er full av eksempel på eldre som får god hjelp, og blir både sett og høyrt. MEN eldreomsorga er også full av eksempel på det motsette.  Vi både ser og høyrer om eldre som ikkje får i seg nok mat, eldre som er overmedisinert osv.  Slik vil vi ikkje ha det.  Høgre har oppfordra kommunane til å endre tidspunkt for middagsservering slik at dei som bur i sjukeheim får mat når dei er svoltne.

Høgre har stilt krav om legemiddelgjennomgang for alle bebuarar på sjukeheimar.  Mange av dei tiltaka som no blir stilt krav om, er kanskje naturleg for oss som ikkje bur på sjukeheim eller er avhengig av andre si hjelp- men det viser seg i praksis at dette er slike almenne ting som må inn i retningsliner/reglar for å fungere etter hensikta.

Høgre vil at «LEVE HEILE LIVET» skal bli ei kvalitetsreform som fører til:

  • Eldre må få dekka behovet for sunn og nylaga mat
  • Eldre må få dekka behovet for aktivitet og fellesskap
  • Eldre må få dekka behovet for helsehjelp

Sjølv om mykje er gjort er jobben vår ikke ferdig. Det er framleis eit aukande behov for sjukeheimsplassar. Kommunane sjølv har rekna på at vi treng 22.000 nye plasser innan 2030, og behovet varierer stort mellom dei forskjellege kommunane. Regjeringa har sørga for at staten tek   halve regninga når kommunane skal bygge sjukeheimar.

Valet står no mellom ein Høgre-leia regjering som vil forsetje med å gje den einskilde rett til å velje eit tilbod som passar for seg og sine, istadenfor ei regjering som vil ta vekk valfridomen slik at den einskilde må tilpasse seg systemet.

Solfrid Fossberg
Leiar Seniorhøgre Sogn og Fjordane

Inger Hoff
Politisk utval – Seniorhøgre

Til toppen