FRÅ ROT TIL FERDIG PRODUKT: Møbelsnikkar Ståle Loftesnes og kompanjongen Per Kristian Liseter står bak Timbla på Kaupanger, ein produsent av langbord og andre tømmerprodukt som satsar alt på historie og identitet.

Kvalitetstømmer frå Sogn har blitt brennheit merkevare

Nystarta Timbla vil blåse liv i handverkstradisjonar med røter tilbake til vikingtida. Etter lanseringa har etterspurnaden blitt så stor at verksemda ikkje greier å ta unna bestillingane.

Kaupanger: Det verste Ståle Loftesnes ser er når kubikk på kubikk med tømmer forsvinn frå kaia på Kaupangar og ut fjorden.

Som møbelsnikkar veit han kva verdiar skogen eigentleg representerer.

GULLET I SKOGEN: På høgfjellet i Sogn veks trea sakte og kan bli hundrevis av år. Til langborda er den kun den mørkare kjerna i stammen som vert nytta. Vikingane visste òg å verdsette den ekstra kvaliteten og hadde eigne teknikkar for at kjerna skulle vakse heilt ut til barken.

– Sjå her, det er dette som er gullet, seier han og bøyer seg ned ved ein av tømmerstokkane som ligg stabla utanfor verkstaden i Amlabukti. 

Han peikar på den litt mørkare kjerna. Den som aldri rotnar. Det er det same tømmeret vikingane sverga til, som stavkyrkjene er bygde av. No skal den sakteveksande fjellfurua i Sogn få nytt liv, mellom anna som ekslusive langbord.  

– Det beste kvalitetsbeviset me har på våre produkt står rett her oppe. Stavkyrkja er laga av akkurat same materiale som me brukar. Tek du vare på det du kjøper hos oss, så varer det i femti generasjonar. For det har ho gjort, seier Loftesnes og nikkar i retning den nesten tusen år gamle kyrkja.

Les også: – Me treng folk som vil noko
Les også: Har gjort butikk av gutedraumen

MAJESTETISK: Timbla profilerer seg på vill natur, ekte handverk og tømmer sjølv vikingane gjekk gode for. No må kapasiteten opp, for at dei skal greie å ta unna etterspurnaden.
MAJESTETISK: Timbla profilerer seg på vill natur, ekte handverk og tømmer sjølv vikingane gjekk gode for. No må kapasiteten opp, for at dei skal greie å ta unna etterspurnaden.

Respekt for råvara

Han kallar det arven vår: kunnskapen om råvara som omgir oss til alle kantar og handverket forfedrene våre har finsikta gjennom generasjonar. Men som så mykje anna gamalt er det i ferd med å gå i gløymeboka.

HISTORISK GRUNN: Møbelverkstaden ligg på eit verna område, rett ved Kaupanger hovedgård og stavkyrkja. «Lusakaupang» var i middelalderen ein viktig handelsstad, ein av dei eldste i landet.
HISTORISK GRUNN: Møbelverkstaden ligg på eit verna område, rett ved Kaupanger hovedgård og stavkyrkja. «Lusakaupang» var i middelalderen ein viktig handelsstad, ein av dei eldste i landet.

Møbelsnikkaren ønskjer at fleire skal få augene opp for kva verdi skogen eigentleg representerer, i klingande mynt, viss du veit å nytte ressursane.

Hos Loftesnes får skogeigaren opptil 17 000 kroner for kvar ferdig leverte fjellfuru, om dimensjonane er rette og krava til berekraftig hogst og merking har blitt følgde. I dag vert skogen helst shippa vekk i store kvantum, til ein brøkdel av prisen.

– Dette er lokal verdiskaping så det held, konstanterer Loftesnes, vel og merke dersom ambisjonane deira let seg realisere.

For det er ikkje berre enkelt å byggje opp ein møbelverkstad frå grunnen, i ein bransje som på mange måtar har mista trua på seg sjølv.  

Greier ikkje stette etterspurnaden

Merkevara Timbla vart lansert på nyåret. Konseptet er altså langbord med historie og identitet, bygd etter tusenårlange handverktradisjonar. Kvart tre blir handplukka og følgt frå rot til det står på stovegolvet. Opphavet, teigen treet stod på, blir bokstaveleg tala gravert inn på undersida av bordplata.

Dei har tydelegvis truffe ei nerve. Den første månaden etter lanseringa skreiv dei ut prisførespurnader på rundt 3,7 millionar kroner.  

LEITAR ETTER INVESTOR: Ståle Loftesnes flytta ut frå garasjen og inn i ny verkstad i 2012. Produksjonen av langbord er alt i gong, men skal dei få opp volumet er dei avhengige av investorhjelp.
LEITAR ETTER INVESTOR: Ståle Loftesnes flytta ut frå garasjen og inn i ny verkstad i 2012. Produksjonen av langbord er alt i gong, men skal dei få opp volumet er dei avhengige av investorhjelp.

– Me har opplevd ein eksplosjon av interesse, det er den einaste måten å seia det på, seier Loftesnes.

No handlar det om å få opp volumet. For slik det er må dei takke nei til bestillingar, dei to åleine har ikkje sjanse til å ta unna alt. Men det kostar å vekse. Ikkje minst å realisere draumane om ei ny produksjonslinje som kan mangedoble kapasiteten.

– Som alle andre så treng me ein investor. No har me brukt så mykje av våre eigne midlar at det røyner på, seier Loftesnes.

I mellomtida satsar dei på å byggje seg sakte opp. I mai skal dei opne ein butikk med salsutstilling, alt frå langbord til bar og skjerefjøler. Til vinteren skal dei tilsette eit par ekstra hender.

– Me byrjar med det, seier Ståle Loftesnes. 

FJELLFURU: Skog er det nok av på Kaupanger. Dei beste emna blir henta på 800 til 900 meter der trea veks sakte og det er milimeter mellom årringane.
FJELLFURU: Skog er det nok av på Kaupanger. Dei beste emna blir henta på 800 til 900 meter der trea veks sakte og det er milimeter mellom årringane.
Til toppen