PROVOSERT: Inger-Johanne Kaardal ber vaksne om å passe på kva dei seier om andre fordi unge kan lære frå dei. Foto: Privat.
PROVOSERT: Inger-Johanne Kaardal ber vaksne om å passe på kva dei seier om andre fordi unge kan lære frå dei. Foto: Privat.

MEININGAR

Kvar får me ideen om at me mislykka frå?

I løpet av det siste halvåret har eg lagt merke til eit tema som har provosert meg. Nemlig dårleg sjølvtillit hjå unge og ein av grunnane til dette. 

KOMMENTAR: Den siste perioden har eg enten lest, sett eller høyrt dette temaet blir teken opp. Båe av unge og vaksne. Me som er unge havnar fort midt oppi alt dette. Midt i kaoset. Men kvifor er det blitt slik? Kvifor er det sånn at heilt gjennomsnittlege gutar og jenter plutseleg får ei stemme i hovudet deira som seier dei ikkje er gode nok? At du har for store eller for små puppar, er for tjukk eller tynn, rompa er for hengete eller for liten eller strekkmerka som er stygge og må bli skjult til kvar ei tid. Kvifor får ungdommen dette forvrengte sjølvbilete? Kvar får me ideen om at verken det utvendige og det innvendige ikkje er godt nok? At me er mislykka. 

PROVOSERT: Inger-Johanne Kaardal.
PROVOSERT: Inger-Johanne Kaardal.

Enkelte vil nok sei eg tek litt hard i. Kanskje eg gjer det. Men nokon vil nok kjenne seg igjen i alt det eg skriv, enkelte i noke av det, og nokon er faktisk so heldige at dei har sluppe unna alt. Unna alle tankane om at arbeidet du gjer på skulen ikkje er godt nok og lommeboka som ikkje er feit nok. 

Men, her er tingen. Det som har provosert meg. Det som fekk meg til å skrive dette innlegget istadenfor å sove slik som eg burde. Me har jo skrivedag i morgo og den må eg prestere godt på. Om ikkje kjem eg til å gå rundt å føle at eg gjorde det dårleg. At eg "faila".  

Dykk vaksne. Dykk som er foreldre, besteforeldre, foresatte, tantar, onklar osv. Dykk som har opna kjeften og sagt rett ut kva du tykte om ho jenta som gjekk forbi. Ho med trang kjole og høghælte sko. Kanskje tykte du ho kledde seg som ei tøs eller kanskje kunne ho likso godt ha godt naken. Kjolen "viste alt". 

Lat att kjeften! Me lærer av dykk og nokre ting treng me ikkje lære. 

Sjølv har eg høyrt vaksne uttrykt seg over kor flaue dei er over strekkmerka sine og at dei kvir seg til å gå i bikini. Skjerpings. Sjølv har eg strekkmerke. I likheit med ca 50% av resten av ungdommen.  Båe på rumpe og lår. Då eg høyrte at dei vaksne var flaue vart eg i etter tid nødt til å sjekke spegelen og spørre meg sjølv før eg reiste ut døra i shorts, "ser du strekkmerka mine no?", "Burde eg heller byte til ei langbukse?" , "vil folk tykkje eg er stygg dersom eg ikkje skjuler dei?", "vil eg bli neste mobbeoffer?" Kva er dette for nokre tankar som er blitt planta i hovudet mitt? Alt fordi vaksne kvinner skammar seg og klagar over det slik at ungdom som meg høyrer det. Dykk lærer oss at naturlege ting som strekkmerker er stygt  og at det er noko å vere flau over. 

Anna eksempel. Puppar. 

Puppar dei skal vera forholdsvis store. Men ikkje for store. So ska dei drita i tyngdekraft og fysikkens lovar. Og om du ikkje har puppar so blir push-up bh anbefalt på det sterkaste slik at folk ikkje tek deg for ein "10-åring". Sjølv har eg fått kommentarar eller navn som "du e flat du!", "flatbrysta", "du ha jo ikkje ein gong puppa", eller den engelske versjonen "flatchested" Detta har ikkje alltid vore like kjekt då eg ikkje har nåke med puppestørrelsen min å gjere. Eg må rett og slett berre finne meg i at foreløpig so er eg so kalla "flatbrysta". 

Her igjen. Dykk vaksne. Dykk må skjerpa dykk. Her hinn dagen overhøyrte eg to vaksne som prata om kjolar og puppar. Det va ein tredjeperson inn i bilete som hadde prøvd ein kjole men den hadde ikkje sett bra ut rundt bryst partiet. Vidare fekk eg funne ut av at ein push-up bh hadde gjort susen. "Hellandussen" tenkte eg då. Ser man ikkje bra ut i utringa kjole ved mindre man endrar på puppefasongen fyrst? Puppar er feittklumpar som inneheld melkekjertlar. Det er ikkje utstillingsdokker. Og dei er heller ikkje like. Ingen av dei. 

No, eit tredje og siste eksempel før eg rundar av. Dette eksempelet tek stad på biltur, gåtur, shopping,  eller andre aktivitetar som innebærer at det er vaksne personar til stades. Til og med rundt middagsbordet. Du veit dei vaksne personane som liksom skal vere forebilete og forbetre sjølvtillita di og ikkje motsatt? Ja bra, for du treng minst ein av dei. I tillegg treng du også ein person eller fremmed (uavhengig av alder). Helst ein som ikkje ligg akkuratt på gjennomsnittet. Då meier eg utsjånadsmessig (kanskje ein gut med lengre hår enn gjennomsnittet eller ein som er feks nokre få kilo over gjennomsnittet. Med andre ord. Ein NORMAL person. Normale personar er nemlig ikkje modellar) 

Dersom alt dette er tilatades er sjansen veldig stor for at du høyrer kommentarar som "han der var vel litt i tjukkaste laget", eller "fy kor tunn og liti ho va", eller kanskje til og me "ho der må dekka til føtene sine. Du ser jo all cellulitten hennar". Kallenavn har eg lagt merke til at det ofte blir brukt, i allefall her omkring, då utifrå oppførsel eller utsjånad. 

Videre til alle dykk vaksne som lurer på kvifor me ungdom er så usikre på oss sjølve. Kvifor me utviklar ein usikkerheit som utviklar seg til hat mot andre. Til mobbing. 

Ta deg ein kikk i spegelen. Refleksjonen du ser er den me rundt deg ser. Tenk over kva du seier. Korleis det du seier blir oppfatta av kanskje ein allereie litt usikker tennåring. Hjelp til med å forhindre at i allefall dykk vaksne ikkje er ein av faktorane som spelar inn, og gjer at me ungdom har det litt tøft når det kjem til korleis me ser på oss sjølve. Ta ein kikk.

Det er alt som trengst

(Vil nett påpeike at ein del av det eg skriv ikkje gjeld alle. Det er eit stort tema med mange faktorar som spelar inn. Eg skreiv kun ein liten liten del av det som har irritert meg i det siste. Det eg skriv, skriv eg utifrå kva eg har høyrt. Det gjeld slettes ikkje alle vaksne, alle familiar eller alle ungdommar. 

Det er heller ikkje kun det som dei vaksne seier og gjer som er grunnen til dårleg sjølvtillit hos unge, men det var det eg ville ta opp i dag)

Til toppen