OPPSVING: Teljingar og observasjonar tyder på eit betre rypeår i år enn i fjor, men dei lokale variasjonane er store. Foto: Ole Ramshus Sælthun
OPPSVING: Teljingar og observasjonar tyder på eit betre rypeår i år enn i fjor, men dei lokale variasjonane er store. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Kvar kan du jakta på desse i haust?

Fjellstyra og Jeger-Fiskerforeiningar i Årdal, Lærdal og Aurland har fastsett reglar for rypejakta til hausten. Kvar du kan jakta rype og ikkje les du her

Årdal/Lærdal/Aurland: I Lærdal statsalmenning har fjellstyret bestemt at det ikkje blir rypejakt denne hausten, heller ikkje neste haust, fortel leiar Jarle Molde.

– Dette etter tilrådingane me har fått. Observasjonane som er gjort av folk som går i fjellet tyder på at me har lite fugl, og me vil ikkje øydeleggja bestanden. Det vart i fjor opna for ei svært avgrensa jakt, men for 2016 og 2017 har fjellstyret altså vedteke at me ikkje opnar for jakt i det heile. 

Molde tek eit lite atterhald når det gjeld neste haust.

– Skulle observasjonar visa at det et bra med fugl inn mot neste sesong, kan me opna for noko jakt då.

To ryper per dag i Årdal

I Årdal opnar den lokale jeger- og fiskarforeininga for rypejakt i sine områder - Sletterust, Årdal austre statsalmenning og Fardalen. 

– Takseringane hjå oss tyder på at det er brukbart med fugl - ikkje noko superår, men altså relativt bra, seier Vidar Moen i Årdal Jeger- og fiskerforeining.

Foreininga sel dags-, vekes- og sesongkort for områda på nettsida Inatur. Dagskvote er sett til to ryper per jeger per døgn for alle typar kort i alle tre områda. Sesongen varar frå 17.september til 23.desember.

Ei rype per dag i Aurland

Aurland fjellstyre opnar også for rypejakt i Aurland statsalmenning. Av saksutgreiinga for vedtaket fjellstyret gjorde 15.august går det fram av oppsynet sine observasjonar at det er brukbart med stamfugl og særs lite rovfugl, noko som lettar predasjonstrykket på rypene.

Vidare at veret under rugetida første del av juni var bra, men at omslag til dårlegare og kaldare ver i klekkeperioden i andre halvdel av juni kan ha verka negativt inn på kjuklingproduksjonen. Likevel har oppsynet gjort observasjonar av ein del kull av varierande storleik.

I Aurland fjellstyre sine området er dagskvoten sett til ei rype per jeger per døgn med jakttid 1.oktober til 23.desember. Fjellstyret sel også kort for rypejakt i området Myrdal-Broksfjell. Korta kan kjøpast på Inatur, både ein-, to- og tredagarskort, samt vekes- og sesongkort.

Både i Årdal og Aurland er det sett eit maksimalt antal kort som blir seld. 

Rypeteljingane rundt om i landet tyder på at rypebestanden har fått ein oppsving frå i fjor. 25 fjellstyre har i august gått gjennom sine terreng for å vurdere bestanden.

– Generelt er det ei betring frå i 2015, som var eit år med lite fugl. Enkelte fjellstyre slit likevel med låge bestandar, seier Torgeir Lande i Norges Fjellstyresamband til NPK.

Til toppen