BLIDE: Studentane saman med Darrell og Annette.
BLIDE: Studentane saman med Darrell og Annette. (Foto: Linda Watten)

Kvar sommar i 17 år har The Navigators reist til Noreg for å læra studentar om Gud og livet

The Navigators, eller Navigatørane, er ein kristen studentklubb med campus kring heile verda. Kvar sommar tek Darrell og Annette Dooyema med seg familien og studentar til Elvheim hostell på Skjolden.

Luster: Darrell Dooyema frå Colorado i USA er medeigar i Elvheim, og leiar for dei kristne studentgruppene. Sidan 2001 har han teke med eg familien til Skjolden

EKTEPAR: Darrell og Annette Dooyema har teke i mot studentar med opne armar sidan 2001. Foto: Linda Watten

– Me besøkte Noreg i 2001 og blei tipsa om Skjolden. Me budde på ein høgdegard der me måla, arbeidde, og gjekk fjellturar. Etterkvart overnatta me på hostellet nede i sentrum, og då eigarane ville selga det var me ikkje i tvil. Dette var ein stad me ville ta med oss studentane til. 

Lærer å leva saman i eit samfunn 

Sidan har han gjort nettopp det. Kvar sommar tek han med seg familien og studentar til Skjolden. Der lærer dei seg å leva i eit samfunn saman.

– Me bur i eit stort hus med ein dusj. Studentane må læra seg å leva saman som samfunn og finna ut korleis dei skal behandla kvarandre. 

Gud og Bibelen har mykje å bety for kvardagen til gjengen på Elvheim. 

– Me diskuterar veldig mange spørsmål som «korleis kan eg vite at bibelen stemmer, og «kva betyr det reint praktisk for meg at Jesus levde?». I tillegg pratar me mykje om filosofi, seier Dooyema som òg er professor på universitetet i Colorado. 

Det handlar ikkje berre om religion 

Men det er ikkje berre religion og tru som tek opp dagane til studentane og familien Dooyema når dei er på Skjolden. 

– Me kombinerar det med fjellturar og mykje gøy. Medan me går på fjellet tenkjer me over kva Gud har skapt for oss, og diskuterar mykje. Det er òg viktig for oss med kulturar og andre land. Kvar dag dreg me fram eit nytt land frå alle som er hjå oss. Då har me temakveldar og studentane får fortelja om landet sitt.

Ein stor familie 

Det er ingen tvil om at det er mykje energi, allsong, sprell og varme i det store kvite huset langs elva på Skjolden. 

PÅFUNN: Dei amerikanske studentane gjer mykje sprell saman. Foto: Linda Watten

– Me skapar ein heim for vår familie, samstundes som me inviterar andre til å laga eit koseleg miljø. Me er ein stor familie med dysfunksjonelle folk, seier Annette og Darrell, medan dei ler og ser bort på to studentar som gøymer seg i ei bossbøtte. 

Takksame studentar

Studentane på Elvheim er takksame og audmjuke for at dei får koma dit og oppleva Noreg.

– Me er her for å læra å kjenna Gud betre. Me brukar tid på å lesa bibelen og læra frå den, samt finna ut kva sanninga er. Samstundes er me her for å oppleva den norske kulturen, og møte andre folk. Me lærer å leva i eit samfunn og me lærer å dela livet, seier Taylor McInerniy. 

GLADE: Studentane trivest godt i lag og lærer seg korleis dei skal leva saman i eit samfunn. Alle er inkluderande og opne. Foto: Linda Watten

Dei kjem alle frå ulike stadar i USA og har ulik bakgrunn og familie med ulik tru. 

– Mine foreldre er ikkje kristne, men då eg gjekk på barneskulen kom det ei jenta flyttande med kristne foreldre. Ho inviterte meg med dei i kyrkja og eg sa kun ja fordi faren lova meg ein donut, fortel Chloe Button og ler. 

– Det er så flott at Gud valde å fly ho frå Ukraina til USA og plassera ho i livet mitt. Det er utfordrande med min eigen familie som ikkje trur, men det gjev meg styrke til å finna Gud endå meir. 

Tek farvel med Noreg for denne gong

No vender familien Dooyema nasen heim til USA etter nokre lærerike veker saman med studentane, men er ikkje i tvil om at dei alltid vil koma attende til Skjolden.

– Skjolden vil alltid vera veldig spesielt for meg. På ein måte føler eg at eg kjem heim når eg rundar hjørnet og ser Elvheim. Me har fått mange vener her, og har alltid blitt godt tekne i mot av bygda, seier Darrell og smiler. 

– Me ville kome hit utan The Navigators òg for me tykkjer livet her er bra for oss og for familien vår, legg Annette Dooyema til. 

DOOYEMA: Eva Alice, Dylan og Jared er borna til Darrell og Annette. Dei har vore med til Noreg sidan dei var babyar, og elskar fjellet, naturen og badebassenget på Skjolden. Foto: Linda Watten

Dei har teke med borna sine Eva Alice (7), Dylan (12), og Jared (9) til Skjolden sidan dei var babyar. Borna er alle blitt veldig glade i Skjolden.

– Eg kjem til å sakne fjellturane, naturen, og folka her, seier Dylan, som for mange år sidan feira sin aller fyrste bursdag på Elvheim.  

 

Til toppen