DYRT: Alle dei tomme asylplassane kostar mykje pengar. Illustrasjonsfoto
DYRT: Alle dei tomme asylplassane kostar mykje pengar. Illustrasjonsfoto

Kvar tredje asylmottaksplass er ikkje i bruk

Ein tredel av plassane ved asylmottaka her i lander – til saman nesten 12.000 plassar – står tomme. Det kostar truleg fleire millionar kroner kvar dag.

Dei siste månadene har det komme færre asylsøkjarar til Noreg enn på nærmare 20 år. Det, saman med innsatsen for å skaffe permanent bustad til dei som har fått opphald, fører til at mange mottaksplassar blir ståande tomme. Per 20. juni var det nesten 12.000 ledige plassar på mottaka, både faste plassar og stykkprisplassar, skriv VG. Talet inkluderer plassar ved mottakssentera i Råde og Kirkenes.

Les også: Lite behov gjer at det ikkje blir nytt mottak i Lærdal

Ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI) kostar ein gjennomsnittleg mottaksplass 110.000 kroner i året. Det gir ein døgnpris på 301 kroner, og gonger ein det med 12.000, ender ein med drygt 3,6 millionar kroner i døgnpris for dei unytta plassane.

4.700 plassar sagt opp

– Vi må ha ein viss beredskap. Samtidig må vi finne løysingar som er billigare for staten. Her må leverandørane og staten sette seg ned og finne ei løysing, seier Tore Vaagen i Asylmottakenes interesseorganisasjon (DROF).

UDI seier det er vanskeleg å sjå korleis situasjonen utviklar seg, men dei har allereie avgjort å redusere kapasiteten. 4.700 plassar er sagt opp med verknad frå 31. juli og fram mot september, opplyser Christine Wilberg, som er direktør i region- og mottaksavdelingane.

Til toppen