Grått:  Nedbør og lågare temperaturar har teke over for sol og varme - slik såg det ut gjennom bilruta på Ljøsne i Lærdal onsdag. Og slik vil det bli sjåande ut mange dagar den komande månaden om det ferske varselet til Meteorologisk Institutt sler til. Foto: Ole Ramshus Sælthun
Grått:  Nedbør og lågare temperaturar har teke over for sol og varme - slik såg det ut gjennom bilruta på Ljøsne i Lærdal onsdag. Og slik vil det bli sjåande ut mange dagar den komande månaden om det ferske varselet til Meteorologisk Institutt sler til. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Kvar vart sola av?

Sommaren starta så bra - den komande månaden ser dystrare ut.

Indre Sogn: – Jo lenger vest, jo dårlegare vêr. Det blir ikkje veldig dårlig, men litt våtare enn normalt, seier statsmeteorolog Bjart Eriksen ved Meteorologisk institutt til yr.no.

Han har utarbeida eit ferskt månadsvarsel som går fram til 17.juli. Varselet tyder på at det som blei ein flott førsommar med mange soldagar i mai og første halvdel av juni blir avløyst av vesentleg meir ustabilt vêr.

Ustabil helg

Varselet konsentrerer seg på den eine sida om nedbør, på den andre sida om temperatur. Når det gjeld nedbør har det vore og vil bli vidare noko våtare enn normalen i det meste av sør-noreg. Varselet for Indre Sogn som er oppdatert onsdag klokka 12 tyder på at torsdag og første halvdel av fredag blir fin før kraftige ettermiddagsbyger tek over fredag ettermiddag. Laurdag ser det noko betre ut, men framleis med ettermiddagsbyger i varselet. Søndag ser nedbøren ut til å auka på att utover dagen.

For dei komande vekene ligg ikkje noko detaljert varsel føre, men månadsvarselet tyder på typisk norsk, rimeleg ustabilt sommarvêr der fine dagar innimellom er det beste ein kan håpa på - særskild på Vestlandet:

– Eg er trygg på temperaturtendensen, og litt meir usikker på nedbørsmengda. Men Vestlandet får uansett mest, seier Eriksen.

Normale temperaturar på i underkant av tjue grader

Og når det gjeld temperaturane er det heller ikkje all verda å jubla. Veka me er inne i ligg litt over normalen med meldingar som tyder på at gradestokken så vidt karrar seg over tjue grader midt på dagen til helga er omme. Så blir det litt kjølegare, rett i underkant av tjuetalet.  Heilt normale sommartemperaturar, med andre ord:  

– Vindretninga vil bli omkring sør, noko som indikerer at temperaturane ikkje droppar under normalen, seier Eriksen.

Den beste nyhenda dei komande dagane er at det ikkje blir noko vind å snakka om i Indre Sogn.

 

Til toppen