KVARDAGSKJENSLA: I denne veka si spalte handlar det om mine eigne erfaringar med psykisk helse.
KVARDAGSKJENSLA: I denne veka si spalte handlar det om mine eigne erfaringar med psykisk helse. (Montasje: Linda Watten/Karoline Skarstein)

KVARDAGSKJENSLA

Me må snakka om psykisk helse

Den neste tida vil eg ta føre meg noko av det eg tykkjer er viktigast her i verda, nemleg psykisk helse. Dette er fyrste del, og mi historie.

Luster: Eg les på nyheitene at ny forsking frå Folkehelseinstituttet syner at fleire unge jenter brukar antidepressiva. Jenter på 16-17 år.  

Herlighet, så unge jenter, og så slit dei såpass mykje, tok eg meg sjølv i å tenke.

Då slo det meg.

Eg var sjølv 16 år då eg kraup saman i ein grøn stol, såg på den ukjente dama føre meg, og var usikker på kva eg skulle svare. 

«Vil du ha antidepressiva?» spurde ho.

Mi historie

Rundt meg hadde verda rasa saman. Veggane som til vanleg stod stødig rundt meg hadde rasa. Himmelen som ellers var blå var blitt full av mørke skyer. Kjenslene inni meg som alltid hadde vore så intense var blitt kalde og vekke.

Alt var likegyldig. Dei store tinga betydde ingenting lenger. Det var ikkje så farleg med dette livet, det var jo berre vondt likevel.

Eg var 16 år då veggane kollapsa rundt meg. Eg var 16 år då alt blei tungt og mørkt for meg. Eg var 16 år då livet kom å slo meg i ansiktet. Hardt.

Eg visste ikkje kva eg skulle gjera. Alt eg hadde tenkt og følt på gjennom mange ungdomsår kom til overflata. Alt eg hadde gøymt og undertrykt bestemde seg for å eksplodere. Eg visste ikkje kva eg skulle sei eller gjera. Eg visste ikkje lenger kven eg var.

Etter kvart gjekk alle dei intense og vonde kjenslene over til total likegyldigheit. Likegyldigheit til meg, livet, og dei rundt meg. 

Ting var ikkje viktig lenger.

Eg ville berre ligge i senga. Ikkje gå ut, ikkje gå på skule, ikkje vera med mine nærmaste, og helst ikkje snakka med nokon.

Ingen forstod kva som skjedde med meg, eller korleis eg hadde det likevel.

Fråværet på skulen blei større og større, men eg brydde meg ikkje. 

– Eg vil ha hjelp

«Linda? Du må på skulen,» sa mamma ein morgon. Det var blitt seint på haust. Ho sette seg på sengekanten og såg på meg. Eg såg at ho var bekymra.

Då fekk eg nok. Eg var så uendeleg sliten og lei. Eg ville jo ikkje på skulen. Men eg ville ikkje kjempa mot alt det mørke lenger heller.

«Nei,» hiksta eg. Redd. Redd for kva som no ville skje.

«Eg vil ikkje. Eg vil ha hjelp,» svarde eg. Så gret eg. Masse. Endeleg. 

Og mamma tok kontakt med helsesøster. Helsesøster kontakta lege. Legen kontakta BUP. 

Det var skremmande.

Eg såg på det som eit stort nederlag.

Livet sa stopp

Ingen i vennegjengen min forstod kva som feila meg. Ingen i familien forstod kva det var eller kvifor det skjedde. Eg hadde alltid vore så pliktoppfyllande og flink. Eg skulle liksom greie alt, vere med på alt, og ta på meg alt folk ba meg om. Kvifor sa det plutseleg stopp? Eg var jo berre 16 år.

Kunne livet slå meg i ansiktet allereie som 16-åring? Kunne det seie stopp då? 

Ja.

Og det var det svært få som forstod. I 2010 snakka me endå mindre om psykisk helse enn i dag.

På skulen pratte folk om Rutlin som ein plass for dei galne.

Eg skulle gå til psykolog på Rutlin. Var eg gal?

Var redd for kva folk skulle tenka 

Det var det eg var redd alle rundt meg trudde. Eg var livredd for å fortelja folk, livredd for at dei skulle finna ut at eg gjekk til psykolog. Redd for at dei skulle forstå at eg sleit psykisk. Eg såg på det som utruleg svakt, og eg ville ikkje vera svak.

Eg hugsar at eg låg på golvet i bilen då pappa køyrde forbi skulevegen og Gravensteinsgata, på veg frå Rutlin og heim. Eg var så redd klassekameratar skulle sjå meg kome derifrå. Eg ville jo ikkje dei skulle tru eg var gal. Eller svak. 

No veit eg at dei sterkaste er dei som har mot til å innrømma at dei har vore svake. At ting har vore vondt.

Eg veit at du slett ikkje er gal om du har det vondt. Eg veit at du er menneskeleg.

Medisin var ikkje løysinga

«Vil du ha antidepressiva?» spurde psykologen min. 

Eg såg på ho.

«Nei,» svarde eg. 

«Eg skal greie dette utan medisin,» sa eg bestemt.

Og det gjorde eg.

Alle har ei psykisk helse 

Etter titals timar hjå psykolog, mykje tenking, mykje prat, massevis av tårer, mange opp- og nedturar, fleire år, og hundre erfaringar rikare - så står eg her fortsatt. 

Stødig. Nokre gonger svingar det litt, men det er lov. Det er menneskeleg. Både for meg og deg. 

Eg ville aldri vore utan erfaringane mine, og eg brenn for at alle skal få den hjelpa dei treng. Alle bør ha nokon å prata med, for alle har ei psykisk helse. 

Den må me bli flinkare å snakka om. 

Til toppen