POPDRONNING: Britney Jean Spears.
POPDRONNING: Britney Jean Spears. (Foto: Linda Watten)

Kvardagskjensla: Post partum konsert med popdronninga

Eg pratar sjølvsagt om Britney Spears.

Luster: Det har gått ei heil veke sidan eg var ein liten meter unna Britney Spears. Dronninga over alle. Mitt store idol sidan barndomen.

Svidde av meir peng enn planlagt

Det heile byrja i januar. Eg var i praksis hjå NRK i Oslo og sat klar på kontorstolen. Klokka 09.00 slapp dei billettane. 09.00 starta arbeidsdagen min. Men eg var i heilt andre tankar. Eg skulle ha dei beste billettane.

VIP: Eg og Nina syner stolt fram VIP-billettane våre. Foto: Linda Watten

Kort fortalt, det enda sånn: Minst 25 000 andre prøvde òg å få billettar. Alt kræsja og eg kjøpte fleire billettar i panikk over å ikkje få ein einaste billett. Til slutt sat eg med tre dyre billettar, og var mange tusen kroner fattigare.

(På dette punktet hadde eg sete med billetten frå mine draumar i hendene. Ein billett som skulle la meg få møte idolet mitt, men den glapp då eg kom i kassa. Det var altfor ergreleg. Eg prøvde å ikkje tenkje på det.)

Eg rista det av meg. Eg skulle få sjå Britney Spears. Atter ein gong. Eg såg ho nemleg i 2011 og 2014 òg. Men eg måtte sjå ho ein gong til. Denne gongen i Oslo.

VIP-gjengen på veg til Fornebu

Førre fredag, endeleg var dagen komen. Tida frå januar til august gjekk som ein vind, og eg var klar. Opptredenen hennar i Danmark blei slakta, men eg forventa ikkje noko anna. Eg visste og veit at alle elskar å hate Britney, og eg visste at eg kom til å få valuta for pengane (vel, nesten, no brukte nok eg litt meir enn folk flest på billettane mine).

I Oslo møtte eg Steffen og venene hans. Steffen er òg blodfan av Britney og har tidlegare møtt ho i Las Vegas. Denne dagen skulle han møte ho atter ein gong. Eg var sjalu men ved fattning. Me tok taxi til Fornebu der me skulle hente VIP-billettane våre.

(Steffen møtte eg forresten for fyrste gong i køen til Britney-konsert i Stockholm året 2011. Då hadde me vore vener på Internett etter me fann kvarandre i gruppa "Vi som elsker Britney Spears" på Nettby.)

Fremst i køen - fremst ved scena

Etter store vindkast og over ein time i kø fekk me stæsj i pose, og band rundt halsen. Her var det tydeleg at me var VIP. Ikkje noko knussel. Litt mykje peng for ein papirbillett med bilete av Britney og ordet VIP, men pyttsann.

Me slapp inn før dei andre som hadde tilgang til Golden Circle. Eg og ei til som ikkje skulle få møte Britney sprang inn i den gyldne sirkel framanfor scena. Me hamna aller fremst.

Nye timar med venting stod for tur. Heldigvis var vektaren framanfor oss pratsam. Han gjorde ventinga til ein leik, og fekk meg til å (delvis) gløyma at eg var veldig tissetrengt.

Me tok farvel med Steffen som skulle møte Britney, og venta på oppvarmingsdelen, Pitbull. Det blei ein opptur! Mannen kunne å laga liv. Etter han var ferdig tenkte eg at dette nesten var verdt alt. Men etter nye 40 minuttar kjende eg at adrenalinet steig jamvel.

Augneblinken då Britney kom på scena

Brått blei lyset slått av og publikum gjekk av skaftet. Dansarar entra scena, og musikken kom på. Der stod ho. Dronninga. Mitt store idol. Ho som har hjelpt meg gjennom både ungdomsår og kjærleikssorg med tekstane sine.

Sjølvaste Britney Spears.

Der stod ho. Dronninga. Mitt store idol. Ho som har hjelpt meg gjennom både ungdomsår og kjærleikssorg med tekstane sine.

Linda Watten

Ho mima som berre ho kan. Dansa som om verda skulle enda. Og stramma hestehalen x antal gonger på 80 minutt. Det var intenst, det var gøy, det var god stemning, ja nesten litt magisk. Der var ho, og der stod eg. Eg kunne nesten ta på ho (men då ville vektaren ha kasta meg ut). Det var endå kjekkare enn i 2011.

BRITNEY: Søt, blid, og dansande til sine mest kjente hits. Foto: Linda Watten

Etter ei stund fann Steffen vegen tilbake til oss. Eg spurde korleis det var. Han heldt seg for brystet. Så tok eg han på armen. Han hadde trass alt stått inntil Britney med den armen. Det var nok det nærmaste eg kom ho sjølv, til tross for meteren mellom meg og ho.

80 minutt eg aldri vil gløyme 

For å oppsumera det heile. Ho gjorde det heile til 80 minutt eg aldri vil gløyme.

Var det verdt fleirfoldige tusen kroner på billettar, transport, hotell og mat? Ja. Var det verdt sju timar på ståande fot utan moglegheit til å sitte ned? Definitivt. Er eg fortsatt like stor fan som før? Heilt klart. Vil eg nokon sinne slutta å elska Britney Spears? Ikkje rekn med det.

Ei veke seinare er eg fortsatt dalande. Songane hennar har akkurat slutta å ljoma i hovudet mitt. Eg drøymer ikkje lenger om konserten og konfetti som sprutar rundt øyrene mine.

Eg har akseptert at eg brukte litt for mykje peng på det heile. Kvardagen er tilbake med eit smell. Heldigvis har eg alle songane i ei liste på Spotify (og parfymane hennar på nattbordet).

Vil eg nokon sinne slutta å elska Britney Spears? Ikkje rekn med det.

Linda Watten

Me sjåast, frøken Spears. Mest sannysnleg på reunionkonserten din i 2052.

Til toppen