KVARDAGSKJENSLA: I denne veka si spalte handlar det om sjokolade.
KVARDAGSKJENSLA: I denne veka si spalte handlar det om sjokolade. (Montasje: Linda Watten/Karoline Skarstein)

Kvardagskjensla: Snart helg og tid for sjokolade

Det er fredag og timane mot helg tikkar på. Skulen er over, og jobbdagen går mot slutten for dei fleste. Snart er det tid for å slenge føtene på bordet, sjå på tv, ete god mat, og ikkje minst... finne fram sjokoladen.

Luster: Det aller viktigaste med helga, spør du meg.

Er det ein ting eg er svak for her i livet nemleg, så er det sjokolade. Ikkje kva type som helst, men rein melkesjokolade. Gjerne med eit snev av kvikk lunsj inni. Då har eg det bra.

Heldigvis, eller diverre, det spørst jo korleis me ser på det, så greier eg å begrensa meg til helga.

Likevel, i det siste har eg undra meg over ein ting. For eg elskar jo sjokolade, og når eg verkeleg er glad i noko så vil eg ha mest mogleg av akkurat det (døme: sol, bading, fjellturar, og kjærleik). Difor er det null problem for meg å ete opp ei heil sjokoladeplate på 200 gram. Det går så lett så. Sjukt godt er det òg.

Er eg aleina om å eta opp ei sjokoladeplate? 

Men så har det seg sånn at når eg sit der i sofaen på ein laurdag med ei skål sjokolade i fanget, kosar meg som berre det, og nyter kvar ein bit... så ser kjærasten min på meg med eit augebryn høgt heva. Og etterpå kjem følgande setning: "herlighet Linda, eg skjønna ikkje korleis du greie da? Du ete jo sjokolade som om da skulle vore brød!"

Og det er her eg blir usikker.

Er det verkeleg så uvanleg? Er det berre eg som greier å eta ei heil sjokoladeplate utan problem?

JODEL: Eg spurde Jodel om eg var aleina om å eta opp ei stor sjokoladeplate. Foto: Skjermdump/Jodel

Eg måtte rett og slett ty til det sosiale mediumet "Jodel" for å finne ut av dette. Jodel er ein omstridt app der du kan skrive ting anonymt, og så kan folk svare like anonymt tilbake. Du kan få "upvotes" som tyder at folk er einige og stemmer opp det du skriv, eller "downvotes" som tyder at folk er ueinige, og stemmer deg ned.

Fann støtte på Jodel

Dermed skreiv eg følgjande:

"Plis sei at det ikkje berre e meg som lett greie å eta opp ein stor melkesjokolade aleina?"

Og så venta eg. Og venta. Etter nokre timar sjekka eg appen.

111 upvotes. Eller likerklikk om du vil kalla det for det.

Eg pusta letta ut.

JODEL: Responsen gjorde meg letta. Foto: Skjermdump/Jodel

Så scrolla eg meg gjennom nokre kommentarar:

"Selvfølgelig ikke" skreiv ein, med påfølgande 14 upvotes.

"Lett" skreiv ein annan, med 12 upvotes.

"Lett ei plate på 30-40 min" skreiv ein til.

"Du er ikkje aleine" skreiv endå ein.

Eg gliste, og følte meg nettopp det. Ikkje aleina.

Forsking syner at sjokolade er bra for deg

Så då er det greitt. Kanskje ikkje alle greier å smelle i seg ei stor sjokoladeplate på ein laurdagskveld, men det gjer faktisk eg.

Og når eg fyrst har gjort det så angrar eg ingenting, for forsking har jo sagt at sjokolade gjer deg lukkeleg.

HELG: Sjokolade høyrer helga til. Foto: Linda Watten

På Internett fann eg nemleg ein artikkel med 9 gode grunnar til å ete sjokolade, og fleire av grunnane tok utgangspunkt i ulike studiar.

Ein av dei var "sjokolade hjelper deg å slappe av". Ja, eg blir faktisk veldig avslappa og tilfreds når eg et sjokolade.

Ein annan var "sjokolade får deg til å smile". Det er òg sant, eg smiler som ein tulling når eg et sjokolade, for det er berre godt. Eg er heilt sikker på at sjokolade utløyser endorfiner, i alle fall hjå meg. Og lite kjennest så bra som litt endorfiner.

Ein siste grunn var at "sjokolade er bra for hjertet", og det må eg seia er ein ekstra bonus. Det kan jo ikkje vera noko anna enn bra?  

Nyt sjokolade med den beste samvit 

Så då konkulderar eg herved med at denne laurdagen, og alle andre laurdagar (eller tysdag og torsdag om du vil) så kan eg og du nyta sjokolade med den beste samvit. Me gjer noko bra både for humøret, kroppen, og hjarta. I tillegg smakar det godt.

Og folkens, me er ikkje aleina.

Så kan heller kjærasten min heva på augebrynet han, medan han et ein heil pose potetgull utan problem.

Til toppen