KULL 27 PÅ LOFTET: Denne gjengen var eg så heldig å få vera praktikant saman med: Ådne Dyrnesli, meg Linda Watten, Borghild Andersdotter Vevle, Synne Ulltang, og Arianrhod Engebø.
KULL 27 PÅ LOFTET: Denne gjengen var eg så heldig å få vera praktikant saman med: Ådne Dyrnesli, meg Linda Watten, Borghild Andersdotter Vevle, Synne Ulltang, og Arianrhod Engebø. (Foto: Rune Fossum Lillesvangstu )

Kvardagskjensla: Vegen frå loftet som praktikant til journalist i Porten

I desse dagar er det eit år sidan eg gjekk inn i eit rom på loftet i Førde. Eit rom som skulle endre livet mitt ein heil del.

Luster: Det er eit år sidan eg tok til som nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk Mediesenter. Vegen som skulle gjera meg til journalist. Men sjølve historien starta nokre år før...

Å verta nynorskpraktikant i Førde hadde eg hatt lyst til sidan tidlege ungdomsår. Eg hugsar framleis den dagen eg sat på Lustrabui og åt mitt faste rundstykke. Eigar og bestemor til bestevenninna mi, kom svinsande med ei avis som ho trykte opp i ansiktet mitt. 

"Eg har funne ut kva du skal" sa ho entusiastisk. "Sjå her!"

Ho peikte på utlysinga til mediesenteret. Dei søkte etter eit nytt kull med journalistar. Dette var i 2010, og eg var ikkje ferdig med ungdomsskulen.

"Eg trur eg må vente litt", svarde eg. "I alle fall til eg er ferdig på vidaregåande". Men eigentleg tenkte eg at det der kom eg aldri til å greia. Alle dei krava som blei stilt? Ingen sjans for at vetle meg kom til å meistre det der.

(Eg var mest glad i å skrive stilar på skulen).

Ingen førebudde meg på tida etter endt utdanning

Sju år seinare var eg straks ferdig utdanna med ein bachelor i sosiologi i bagasjen. Ingen hadde førebudd meg på tida som skulle koma etterpå. Ingen hadde fortalt meg kva eg skulle gjera når eg var ferdig. Ingen hadde sagt noko om kor uendeleg tom og usikker eg kom til å føla meg.

Det var då eit innlegg på Facebook fanga blikket mitt. Nynorsk mediesenter trengte søkarar til kull 27. Eg var ikkje sein å be. No er det min tur, tenkte eg.

(Eller jo, eg var sein. Eg sendte søknaden nokre timar før fristen gjekk ut).

Så starta ventetida. Eg visste dei les gjennom søknadar, og at nokre få heldige blei plukka ut til intervju (eller konferanse som dei kalla det). I mellomtida skreiv eg på bacheloren min, trena, og gjekk tur med vener i Saftbygda. Snart var alt på hell. 

Telefonen frå Magni

Eg hadde akkurat slite meg gjennom ein bodypump på Idrettssenteret då eg såg at mobilen hadde ringt. "Kan du koma på konferanse på torsdag" stod det i påfølgande melding. Den var frå Magni Øvrebotten. Sjefen for mediesenteret.

Eg køyrde opp til Vassenden kvelden i førevegen, og overnatta der. Med god tid inn til Førde bekymra eg meg over tre ting:

1. Korleis skal dette gå?
2. Kva spør dei meg om (eg hadde lese noko om kunnskapsprøve)?
3. Kjem dei til å legge merke til munnsåret som dekkar halve lepen min?

Det var vel typisk at sånt skjedde rett før eit viktig intervju.

Intervjuet der munnsåret sprakk og hjerna stoppa opp 

Eg blei møtt av Magni og Randi. Dei geleida meg inn på eit rom og der starta intervjuet. Sjølve prossessen med å svara for meg tykte eg gjekk bra. Eg visste kva eg ville og meinte. Så var det over til Magni sin vesle quiz. Spørsmål om politikk, nynorsk, fylke og kommune, fotball, og andre allmennkunnskaplege landsgreier.

Det var her alt skar seg. Det var her munnsåret sprakk. Det var her eg skjønte at eg kom til å tapa.

Linda Watten

Då Magni lurte på kva presidentkandidatane i Frankrike heitte hadde eg ikkje snøring. Det var jo så vanskelege namn.

Då Magni lurte på kva statsministaren i England heitte, var det ikkje noko anna namn enn Tony Blair som stod i hovudet mitt. Eg visste jo at det var veldig 2005.

Då ho lurte på kva landslagtrenaren i fotball heitte heldt eg på å dåna. Korleis skulle eg, så lite fotballinteressert som overhovud mogleg, vete det?

(Det minna meg på den gongen, som frilansar, Sogn Avis bad meg prate med Sogndal-spelarane, og eg måtte gjennom massive søk på Google i håp om å greia kjenna att berre eit einaste ansikt).

Flau og knust 

Eg sveitta og stressa. For å seia det enkelt så greidde eg kanskje dryge fem av 15 spørsmål. Eg såg at Magni ikkje var begeistra. Eg var ikkje så veldig begeistra for meg sjølv eg heller, akkurat då.

Etterpå var eg gjennom både studiotest og skriftleg språkprøve. Det gjekk av seg sjølv, for alt eg greidde å tenkje på var kor dårleg eg gjorde det på Magni sin quiz. Som om ikkje dama var litt skummel i seg sjølv, no hadde eg i tillegg drite meg ut framanfor ho. Eg måtte jo sjå ut som eit uopplyst dyr. Ikkje ein engasjert journalist. 

Det gjorde eg òg. Ho sa til meg etterpå at ho var bekymra. Eg prøvde å overtyda ho om at eg kunne betre. Noko flau gjekk eg derifrå. Draumen var knust.

Eg sette meg i bilen og køyrde langøyra tilbake til Sogndal. På vorspiel i hagen same kveld fortalde eg venene mine om kor dum eg hadde framstått på quizen. Saman lo (og drakk) me sorgene vekk.

Kull 27 med journalistpraktikantar 

Mandag morgon vakna eg til ein ny telefon. Det var Magni. Ho ville ha stadfesting på om eg tok i mot plassen som nynorskpraktikant.

RADIO: Som praktikant lærde me å laga saker både til TV, radio og nett. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

At det var? 

Same føremiddag blei kull 27 offentleggjort. Eg var ein av dei.

I dag er eg takksam og engasjert journalist. Vegen frå loftet i Førde, der me lærde alt, og til Porten i dag, har vore interessant og morosam. 

No veit eg at ein journalist ikkje skal vete alt, men heller litt om alt.

Så no veit eg faktisk namnet på statsministaren i England. Og eg veit at Drillo ikkje trenar landslaget i Norge.

Til toppen