KVARDAGSKJENSLA: I denne veka si spalte handlar det om overgongen frå sumar til vinter.
KVARDAGSKJENSLA: I denne veka si spalte handlar det om overgongen frå sumar til vinter. (Montasje: Karoline Skarstein/Linda Watten)

Kvardagskjensla: Verkstadtimen som enda med trusevask

No er den her snart. Den snik seg urovekkjande kjapt nedover fjellsidene. Gradene fell dramatisk dag for dag. Eg snakkar sjølvsagt om vinteren.

Luster: For av ein eller annan grunn ser det ut til at me har hoppa over ei årstid? Og det overraskar meg ikkje. For då me var så heldige å ha sumar frå mai til august, sa eg "berre vent, no får me den kaldaste og lengste vinteren på mange år". 

Me hoppa forresten over våren òg. Ein dag var det vinter, og neste dag var det nesten blitt sumar. Eg rakk ikkje gå i den gule skinnjakka mi meir enn ein gong, før eg måtte gå over til bikini. Men eg klaga ikkje.

No derimot, klagar eg litt. Hausten er ei fin tid. Eg tykkjer det er heilt prima når sola står på himmelen, og fargar i gult, oransje, grønt, og raudt lyser mot deg. Når du går på fjellet og skodar utover fjorden i haustsol. Då kjenner eg på ei lukke.

I år har eg berre kjent på regnet som dryp frå hetta på den gule regnjakka mi, heilt sidan sola slutta å skina i august.

På tide med vintersko på bilen

Og det som nesten er kjipast med at vinteren kjem, det er at eg må gå over til vinterdekk på bilen. Eg ser altså på det som eit skikkeleg tiltak å skifte til vintersko på Magnar. Det er det bilen min heiter.

For medan alle seier "det er jo ikkje noko stress å skifte dekk på bilen, det kan du jo gjere sjølv" til meg, så kan eg fortelje dei at det er faktisk ikkje så lett med Magnar. For han er sabla glad i sumarskoa sine, akkurat som eg er i sumaren. Han vil tydelegvis ha dei på seg så lenge som mogleg, akkurat slik som eg helst vil gå i kjole utan strømpebukse så lenge som mogleg.

Sist eg prøvde å byte dekk på Magnar sjølv, så gjekk det ikkje. Både eg, pappa, og bror min prøvde å dra av hjulet. Det rikka seg ikkje ein millimeter. Til og med bror min som til vanleg løftar 230 kilo i markløft greidde ikkje å få av dekket. Så då måtte Magnar på verkstad. Og det må han kvar gong han skal byte sko frå sumar til vinter, eller omvendt.

Den verkelege "walk of shame"

Og det er så keisamt. For plutseleg er den verkstadtimen her, og plutseleg går det opp for meg at eg atter ein gong må overlate bilen min til gutta boys på verkstaden. Og om du hadde visst korleis bilen min til dagleg ser ut hadde du forstått at det er akkurat denne seansen som er den verkelege "walk of shame".

For bilen min ser som oftast ikkje ut. Det har gått så langt at eg har hengt opp ein lapp i bilen der eg ber dei som sit på med meg om å ikkje kommentere rotet.

Min ven, Ruben, sette seg ein gong inn (på tre posar, fem flasker pepsi max, masse boss, og to par sko" i bilen min, såg seg rundt og sa (på rungande bergensar) "altså, det her e så tyyypisk jenter. Du har det strøkent i leiligheten din Linda, men her i bilen ser det søren meg ikkje ut! Se her da!?".

Det sa han det, han som hadde rotter i den fyrste leilegheita si i Sogndal.

Panikkrydding 

Så dermed blei det litt panikkrydding rett før verkstadtimen, atter ein gong. For etter fleire verkstadtimar er eg heilt sikker på at dei i Gaupne seier "no kjem bilen til ho Linda att, då må me grave oss fram til dekka baki der " når dei ser eg kjem køyrande inn på parkeringen.

Eg følte meg faktisk ganske flink då eg kasta to posar med boss, fleire tomme flasker, og sorterte ut tre jakkar og to par sko som eg fann i bilen. Det eine skoparet har eg leita etter i ei veke då eg har tenkt å ha det med til Kypros, så det var jammen bra eg fann.

Det einaste som låg att i baggasjerommet  30 minutt før timen var ei oppblåsbar luftmadrass, eit kubb-spel, ein paraply, eit teppe, og eit telt. Det fekk dei heller finna seg i, tenkte eg - fortsatt stolt over at bilen denne gongen ikkje var så rotete som ellers.

Medan Magnar, noko motvillig kan eg tenkja meg, fekk på seg vintersko så gjekk eg ein tur oppover Engjadalen. Atter ein gong blei eg minna på årstida me har hoppa over, då gradestokken synte tre grader, og eg møtte to bilar med snø (!) på taket.

Trusene i baggasjerommet 

Tilbake på verkstaden opna eg luka for å forsikra meg om at dei hadde gjeve meg tilbake fire sumardekk. Det var då eg såg dei.

To truser.

Det låg to truser i baggasjerommet mitt. Og eg som trudde eg hadde rydda vekk det verste! Tomme flasker og eit par sko hadde ikkje vore noko i forhold til to truser?!

Kor kjem dei frå, tenkjer kanskje du? Det tenkte sikkert dei på verkstaden òg. Eg droppa å fortelja dei at dette var resultatet av den varme sumaren der eg vrengte av meg ei truse eller to, og hoppa rett i fjorden etter fjelltur. Det blei for meget for meg.

Så i staden for snudde eg meg til han bak disken, takka for hjelpa og sa "send fakturaen til pappa då."

Smidig, Linda. Smidig.

Trusene har eg no sett på vask. Og pappa sendte fakturaen over til meg på e-post. 

Til toppen