Aurland: At Ohnstad ikkje opplyste generalforsamlinga om konkursen kvelden før har skapt reaksjonar. Ohnstad eig Haugen Gardsmat saman med mannen, og sit i tillegg i styret. Det er styret som har ansvaret for økonomien i eit aksjeselskap.

Kvelden før selskapet hennar gjekk konk, vart ho valt til styreleiar for den største kreditoren
Med knapt fleirtal vart Kristine Ohnstad i juni valt til styreleiar i Sogn Sparebank. Det generalforsamlinga ikkje visste var at familieverksemda neste dag skulle melda seg konkurs. No er det opp til Finanstilsynet om dei vil godkjenna valet.