DRIKKEVATN: Elleve vassverk i Sogn og Fjordane konkurrerer om å ha det beste drikkevatnet. Illustrasjonsfoto: Ina Eirin Eliassen
DRIKKEVATN: Elleve vassverk i Sogn og Fjordane konkurrerer om å ha det beste drikkevatnet. Illustrasjonsfoto: Ina Eirin Eliassen

Kven har det beste drikkevatnet?

No skal det beste drikkevatnet i Sogn og Fjordane bli kåra, der vinnarane i kvar klasse går vidare til landsfinale. 

Under VA-konferansen 2015 i Loen onsdag skal ein kåra vinnarar i dei to klassane grunnvasskjelder og overflatekjelder, som kan smykke seg med å ha årets beste drikkevatn i Sogn og Fjordane.

Av elleve kandidatar i fylket finn me både Årdalstangen vassverk og Øvre Årdal vassverk, som begge har stukke av med prisen på landsbasis tidlegare. I 2003 stakk Årdalstangen av med prisen og i 2008 var det Øvre Årdal vassverk sin tur. No konkurrerer dei to vassverka mot Bøfjord vassverk, Førde vassverk, Gaupne vassverk, Hafslo vassverk, Høyanger vassverk, Kaldekloven vassverk, Naustdal vassverk, Sandane vassverk og Sogndal vassverk.

Det er Norsk Vann, KS Bedrift og Norsk Kommunalteknisk forening (NKF) som arrangerer konkurransen. Finalen går på Telenor Arena på Fornebu 19. april 2016. 

Konkurransen har fokus på lukt og smak av vatnet, for å gjere forbrukararne merksame på dei gode kvalitetane som kranvatn har, og kva forventningar ein skal ha til godt drikkevatn, skriv arrangørane i ei pressemelding.  

Les meir om konkurransen her.

Til toppen