FORTALDE: Politiet fortalde elevane ved Årdal videregåande skule om narkotikabruk blant unge. Foto: Marte Hestetun
FORTALDE: Politiet fortalde elevane ved Årdal videregåande skule om narkotikabruk blant unge. Foto: Marte Hestetun

– Kven har klart å røyke seg opp i karakter?

Det spurde politiet elevane ved Årdal videregåande skule om. 

Denne torsdagen kom tre politimenn i forbindelse med kampanjen "Bry Deg - si nei til narkotika" av Norsk Narkotikapolitiforening.  Dei informerte elevane om dagens russamfunn og konsekvensane av narkotikabruk.

Kvifor byrjar folk med narkotika?

Etter å ha samla alle elevane, halde politibetjent Petter Hagen eit foredrag der han tok for seg forskjellige sider og tema innanfor narkotika.
– Kvifor byrjar folk med narkotika? spør han.
– Gruppepress, svarar ein elev.
– Nysgjerrig, seier ein annan.

LYTTAR: Elevane lyttar til det politiet hadde å seie om narkotika.
LYTTAR: Elevane lyttar til det politiet hadde å seie om narkotika.

Deretter forklarde han at nysgjerrigheit faktisk er den største årsaken, medan personlege problem, grensesprenging og gruppepress òg verkar inn.

– De kan gjerne komme ned til meg om de er nysgjerrige på kva narkotika gjer med kroppen, hjerna og framtida dykkar, råda han. 

Kan føre til drop-out

Hagen la òg mykje vekt på konsekvensane narkotikabruk har for skulearbeidet. Han fortalde om fleire tilfelle der avhengigheit har ført til at elevar droppar ut av skulen. 

– Kanskje ein tek fri ein onsdag. Den onsdagen blir til ei veke, og til slutt eit friår. Og det friåret blir ofte forlenga.

PLAKATAR: Politiet hang opp plakatar rundt om på skulen for å minna om at det er viktig å bry seg.
PLAKATAR: Politiet hang opp plakatar rundt om på skulen for å minna om at det er viktig å bry seg.

I tillegg presiserte han at konsentrasjonsvanskar, dårleg språklege evner og problem med å hugse rutinar berre er få av mange bivirkningar av å bruke narkotika.

– Ein blir dårleg til å reflektere over feil og følge logiske resonnement.

– Kven har klart å røyke seg opp i karakter? Legg han til, for å poengtere at narkotikabruk på ingen måte vil vere ein fordel for prestasjonar.

Oppfordra elevane til å ta eit standpunkt

Til slutt oppfordra politibetjentane elevane til å ta eit standpunkt og gjere seg sjølv bevisste på kva dei sjølve vil.

– Eg har jobba i fengsel i fire år. Der prata eg med foreldre som hadde vore so bekymra, men no hadde senka skuldrane etter ungane blei innsatt. Rett og slett letta fordi sonen eller dottera deira lever. Det handlar ikkje berre om deg; hugs på alle rundt deg.

Bodskapen deira er klar;

–Med denne kampanjen vil me få ungdommane til å bry seg og å ta eit valg. Det er det aller viktigaste. Då gjer du det så utruleg mykje lettare for deg sjølv om du skulle havne oppi eit miljø med narkotika.  

Til toppen