– Eg meiner det er viktigare enn nokon sinne å dele ut denne prisen dette året. 2020 har vore eit veldig utfordrande år for musikarane våre. Kanskje kan ein slik pris vere med på å inspirere til å halde fram. Det seier prosjektleiar for Luttprisen i NRK, Stian Sjursen Takle. Han meiner det musikalske året har vore godt, trass i alle utfordringane under pandemien.

Kven meiner du skal få Luttprisen? No kan du stemme
No skal årets artist frå Sogn og Fjordane 2020 kårast.