Det toårige prosjektet Levende lokaler skal kome fram til ein metode for å ta i bruk tomme lokale og hindre sentrumsdød i mange kommunar. Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK
Det toårige prosjektet Levende lokaler skal kome fram til ein metode for å ta i bruk tomme lokale og hindre sentrumsdød i mange kommunar. Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

Kven skal skape liv og røre i sentrum?

– Å få liv i tomme sentrumslokale er eit veldig stort relasjonsprosjekt. Folk på ulike nivå må snakke saman og kommunen må vere tilretteleggjar og vise skjønn.

Lærdal: Det seier seniorforskar Guri Mette Vestby ved Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR). Ho har analysert første året av det toårige stadutviklingsprosjektet Levende lokaler, som Norsk design- og arkitektursenter (DOGA) står bak.

Prosjektet skal vere med å førebyggje og kjempe mot sentrumsdød i kommunane. Over heile landet står det nemleg mange bygg som ingen brukar.

Pilotkommunar er Lærdal, Arendal og Tromsø, og dei har allereie gjort seg visse erfaringar som kan kome andre til nytte. Målet er at ein lettare skal kunne gi råd til andre kommunar som vil ha ei pådrivarrolle for å skape liv i tomme sentrumsbygg.

Seniorforskar Guri Mette Vestby ved Norsk institutt for by- og regionforsking har analysert prosjektet Levende lokaler.
Seniorforskar Guri Mette Vestby ved Norsk institutt for by- og regionforsking har analysert prosjektet Levende lokaler.

– Tomme lokale er ikkje berre eit symbol på sentrumsdød, men også eit symbol på moglegheiter. Det er imponerande kor mykje pilotkommunane fått til på eitt år, seier Marte Dorothea Marstrand i Doga. Nyleg var kommunalt tilsette samla i Oslo for å høyre om erfaringane som så langt er blitt gjort i LL-prosjektet.

– Målet er at vi om eitt år skal ha ein nasjonal rettleiar for korleis ein skal ta i bruk tomme lokale. Levande lokale-metoden skal bli ei slags verktøykasse for kommunane til å skape sentrumsliv, seier Marstrand.

Manglande oversikt

– Ein skulle tru at det var lett å kople saman lokale som manglar aktivitetar med dei aktørane som treng lokale. Men dette prosjektet har vist at det er det ikkje, seier forskar Guri Mette Vestby.

Det finst nemleg mange typar tomme lokale. Det kan til dømes vere ein gammal butikk, fabrikk, verkstad, kontorbygg eller tidlegare bustader. Og det kan vere ein stor jobb å finne ut kven som eig lokalet og få kontakt med vedkommande. Det kan vere alt frå profesjonelle eigedomsaktørar til enkeltpersonar som har arva eit hus.

– Blant desse er det også ulike interesser for sentrumsutvikling og bruk av lokala deira. Alt frå velvillige til dei skeptiske og likegyldige. Det er ekstra viktig å spele på lag med dei som faktisk vil. La dei bli fyrtårn som kan skape blest og informere om levande lokale-ideen, seier Vestby.

– Vi føreslår at det vert laga ein slags portal over ledige lokale i kommunen og der dei som har behov for å leige noko mellombels kan leggje inn ønske.

Lærdal er ein av mange kommunar som jobbar med å skape liv i gamle sentrumsbygg.
Lærdal er ein av mange kommunar som jobbar med å skape liv i gamle sentrumsbygg.

Rekonstruksjon?

– Men kommunen må også ganske tidleg ta opp kva retning ein vil gå med sentrumsutviklinga elles kan det oppstå konfliktar. Er revitalisering det same som rekonstruksjon av slik det var før? Vil ein eigentleg ha det slik det var før og er det mogleg?

– I levande lokale-prosjektet ser vi at det kjem inn heilt nye aktivitetar og idear om bruk enn det som var der før. Då må ein ha klart føre seg kven som skal forme sentrum og kven sentrum skal vere for. Elles blir det tilfeldig. Skal ein leggje til rette for turistar eller for kvardagslivet til innbyggjarane? LL-prosjektet opnar for å tenkje nytt om sentrum, seier NIBR-forskaren.

Eit stort relasjonsprosjekt

– Å skape liv i tomme sentrumsbygg er ein sosial metode – eit veldig stort relasjonelt prosjekt. Folk må snakke saman. Prosjektleiar må etablere personleg kontakt med eit vidt spekter av ulike bygningseigarar og potensielle driftarar med idear og behov. Prosjektleiar må vere støttespelar for kreative enkeltpersonar og forankre ideen hos politikarar og allmenta, seier Vestby og viser til dei tre pilotkommunane, som har skapt ulike aktivitetar innan kunst og kultur, næring og frivillig arbeid i ein del av sine tomme lokale.

– Vi ser at det blir skapt nye former for arbeidsfellesskap, profesjonelle blir kopla med frivillige. Folk finn kvarandre på tvers, kanskje har dei aldri snakka med kvarandre før, og nye relasjonar og nettverk vert skapte. Og alle er dei folk som er opptekne av sentrumsutvikling.

Kompliserande regelverk

Dagens regelverket for bruk av sentrumsbygg kan derimot vere innfløkt og eit hinder.

– Vi ser at regelverket ikkje alltid passar for mellombels bruk av tomme lokale. Det blir ein barriere for mange og lett å gi opp. Men det er lov for kommunane å bli meir smidige og fleksible alt etter type lokale og bruk. Dette skil ikkje regelverket på i dag. Det er forskjell på å samle barn til kulturell aktivitet og at nokon sit rundt eit bord og diskuterer, seier Vestby.

Regjeringa har derimot bite seg merke i Levende lokaler-prosjektet. Derfor har det også fått plass i den nye stortingsmeldinga "Berekraftige byar og sterke distrikt", som vert lagt fram for Stortinget i slutten av mai. Der kjem ein mellom anna med forslag til endringar i det nasjonale regelverket for å gjere det enklare å ta i bruk tomme lokale rundt om i landet.

(©NPK)

Til toppen