MORO: Ordførarane synstest fjorårets duel var så moro at dei spørte om å få vere med igjen. Foto: Håvard Nesbø
MORO: Ordførarane synstest fjorårets duel var så moro at dei spørte om å få vere med igjen. Foto: Håvard Nesbø (Foto: Håvard Nesbø)

Kven skyt til seg kommunesenteret?

18.mai samlast ordførarane frå kommunane i Indre Sogn på Leikanger stadion. Der skal dei skyte om kvar det framtidige kommunesenteret skal ligge i Sogn. Duellen skjer i samband med opninga av Lerumcup 2016, der over 800 deltakarar er påmeldte.

Ikkje fyrste gong

Leiar i Leikanger skyttarlag, Olav Skarsbø, seier at han gler seg til årets ordførarduell og Lerumcup.

– Kommunesenteret må jo ligge ein plass her i fylket. Orførarane syntest at å skyte om kvar det skal vere, var ein god idè. Så er det jo god underhaldning når ordførarane kjem og konkurerar mot kvarandre. Politikarane var med på duellen i fjor også. Dei syntest det var så moro sist gong, at dei spørte om å få delta i år også.

Sjå video frå fjorårets ordførarduell nederst i saka.

Skarsbø synest det er viktig å få med politikarane, og få dei til å forstå kva skytesporten er og går ut på.

Personleg trenar

Glenn Vie fortel at ordføraren i Årdal, Arild Ingar Lægreid er hjarteleg velkommen på Mjøen eller på Loi. Både Farnes og Knipenborg skyttarlag er villige til å trene opp ordføraren.

– Me har sendt mail til Lægreid og oppmoda han til å bli med oss å skyte. Me stiller gjerne opp og gjer han tips. Han kan få personleg trenar om han vil! 

Innleiing til folkeavstemning

– Me tenkte at duellen kan vere ei fin innleiing til folkemøte som er på kvelden etter duellen. Og ikkje minst til folkeavstemminga på mandagen etter, der folk skal ta stilling til om dei vil vera med på samarbeidet mellom kommunane.

Generalsekretær i det frivillige skyttarvesen Jarle Tvinnerheim, og Liv Signe Navarsete i utanriks- og forsvarskomiteen kjem også til Leikanger denne dagen.

Sjå video frå fjorårets ordførarduell:

Meir om Lerumcup kjem seinare.

 

Til toppen