ARVTAKAR: I fjor vart Bjarne Sandvik tildelt tittelen «Årets årdøl» for sin innsats i Knipenborg skyttarlag. No leitar kommunen etter arvtakaren. Arkivfoto
ARVTAKAR: I fjor vart Bjarne Sandvik tildelt tittelen «Årets årdøl» for sin innsats i Knipenborg skyttarlag. No leitar kommunen etter arvtakaren. Arkivfoto

Kven tek over tittelen etter han?

Årdal kommune vil ha inn framlegg på «Årets årdøl». Samstundes vil kommunane ha inn namn på kandidatar til kulturprisen i både Sogndal og Årdal, og aurlandsprisen i Aurland

Årdal/Sogndal/Aurland: I fjor vart Bjarne Sandvik tildelt tittelen «Årets Årdøl» for sin innsats i Knipenborg skyttarlag. No vil Årdal kommune ha inn framlegg til kven som skal få denne tittelen i år.

Les også: Bjarne Sandvik er Årets årdøl

«Årets årdøl er ein person eller ei gruppe som har gjort ein særleg innsats for andre menneske, eller ein særleg innsats til beste for bygda gjeldande år. Personar eller grupper som har sett Årdal på kartet på ein positiv måte eller profilert Årdal godt utad, kan også motta prisen», står det på Årdal kommune sine nettsider.

Kulturprisar i Årdal og Sogndal, aurlandsprisen i Aurland

Kommunen ber også om framlegg til kulturprisen for 2016. Også Sogndal kommune vil ha inn namn på potensielle kulturprisvinnarar.

I Aurland deler dei ut aurlandsprisen, som har mykje same kriteriane som «Årets årdøl». I Lærdal blir kulturprisen delt ut kvart fjerde år, og neste tildeling her er i 2019.

Her kan du les meir om prisane:

Alle prisane blir delte ut på siste kommunestyremøtet før jul i respektive kommunar.

Til toppen