Kven trur me eigentleg at me er?
meiningar
meiningar

Kven trur me eigentleg at me er?

Hydroparken engasjerer, men kvifor er det ikkje stappfull sal på eit folkemøte då?

KRONIKK: Eg kom til om lag 140 personar då eg talde over oppmøtet på folkemøtet om Hydroparken onsdag. Det er under 5 prosent av innbyggjarane i Årdal, men det kan kanskje Porten.no ta skulda for sidan me sendte møtet direkte. 1700 personar har sett klippet i skrivande stund. 

Det vitnar om interesse for saka, og det er vel og bra, men det er dei som har lurt på behovet for eit slikt folkemøte. Burde ikkje dei folkevalde klare å ta ei slik avgjerd basert på innspel som kjem i ei høyring? Dei søv sikkert betre om natta med eit slikt møte.

Eg kan ikkje seia at eg gjer det same. Eg vart i grunnen sitjande att med mange spørsmål – og litt flau smak i munnen etter møtet. 

For kven trur me eigentleg at me er? I årevis har årdølen klagd på Hydro som ikkje investerer i kommunen. I årevis har årdølen mast etter aktivitet i Dooria-bygget. I årevis har årdølen irritert seg over tomme butikklokaler. 

Og når det kjem nokon og vil investere 30-40 millionar kroner, der store delar av desse kronene går direkte inn i lokale entreprenørar, så skal me seia nei? Det er ikkje dine, mine eller kommunen sine pengar me snakkar om her. Det er ingen økonomisk risiko i investeringa for oss.

Slik eg har oppfatta debatten er det eit par sentrale ting som talar mot. Det eine er nedbyggjing av grønstruktur i sentrumsområde. Det andre er etablering av handel utanfor sentrumsområdet (her må ein bli samd om definisjonen sentrum tydelegvis), og det siste er konkurranse som kan ta knekken på eksisterande handel. 

Ein skal heller ikkje gløyma det politiske aspektet her, der det er uklare avtalar. Ja, Hydroparken vart spesifikt nemnt då Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne annonserte samarbeidet sitt. Her skal Ap ha strykkarakter for måten dei har handtert denne avtalen på overfor MDG, som med rette føler seg svikta. Men ein må ikkje late denne saka handle om politiske avtalar. Det er ikkje det som skal få avgjere ei så viktig sak.

I den skriftlege avtalen er ikkje Hydroparken nemnt, men «friområde». Hydroparken er per definisjon ikkje eit friområde, og heller ikkje kommunalt eigd. Det er heilt sentralt.

Når ein skal diskutere nedbyggjing av grønstruktur og potensialet til parken, må ein tenkje på dette. Porten.no har tidlegare snakka med ein jurist som forklarte ansvaret Hydro sit med. Sidan vollane er menneskeskapte, er det dei som sit med ansvaret dersom ein unge akar og havnar på elva i løpet av dei tre vekene i året det faktisk er snø i bygda. 

Dette ansvaret er Hydro klar over. Det er ei av årsakene til at dei ønskjer å selja. Dersom dette ikkje går gjennom, kan konsekvensen bli at heile området vert stengt for å unngå den risikoen. Då er det ingen som kan nytta seg av grøntarealet. Dersom Hydro endeleg finn ut at dei skal investere i Årdal, vil me då at dei skal bruka millionar på maskiner og utstyr, eller Hydroparken? Eg føler meg ganske sikker på kva Hydro kjem til å velja.

Alternativet blir då at Årdal kommune kjøper området. Då snakkar eg om Årdal kommune som har tilbragt siste åra på Robek og har ingen planar om å havna på det registeret att.

Utbyggar seier ja, takk til både handel og aking. Det er bra. Endå viktigare er det at dei har gjort plass til ein eventuell hall dersom Hydro skulle finne på å investere. Seier dei folkevalde nei til forretningsbygget, seier dei også nei til hallen. Hugs på det.

Tore Johan Arntzen har også forklart meir enn éin gong at dei har sett på ulike plassar ein kan plassere dette bygget. Det er Hydroparken eller ingenting, er tilbakemeldinga. Så få det inn i pappen ein gong for alle før du for hundrede gong føreslår andre område. 

Geir Myklebust frå Balanza Gruppen var ikkje akkurat heldig då han forklarte at Europris er flott fordi ein får kjøpt sju tannkostar til 27 kroner som er utsletne etter ei veke, men han viste også til forsking og erfaringar frå andre stader der ei slik etablering kjem til plassen. 

Ifølgje han vil dette dryppe på eksisterande handel. Det er klart han kan ta feil, men kvifor skal ein heller lytte til personar som slenger ut prosentar og antagelsar framfor personar som har dette som jobb? I fjor var folk skeptiske til om det ville vere plass til både Tya Bakeri og Utla Café i sentrum. Det er stort sett fullt begge plassar på laurdagar og elles i veka. Konkurranse er sunt, og dersom den eine ikkje lykkast, kan det faktisk vera deira eiga skuld også. 

Kvifor skal ein ha ei pessimistisk haldning til denne saka? Kvifor kan ikkje me heller vera optimistiske på vegne av eksisterande handel og tru på at når fagpersonar seier dette heller vil hjelpe eksisterande næringsliv, så vil det nettopp det? Det er jo trass alt me som skal handle, så då må me passe på at me framleis nyttar eksisterande tilbod. Delar av det lokale næringslivet har forresten sagt at dei ønskjer Europris velkomne, men er av heilt forståelege grunnar uroa for om dette vil trekkja folk vekk frå sentrum. Det kan skje, eller fagfolket kan ha rett i sin spådom.

Det er berre å vedkjenne at industrien ikkje har like mange tilsette som før. Heldigvis har difor Årdal byrja å sjå på reiseliv, men faghandelen vil også vere viktig. Denne etableringa skal gi mellom 20-30 arbeidsplassar, truleg ei blanding av nye og gamle. Det er lett for den som allereie har arbeid å seie at «her skal eg gå på tur med hunden min», men det er òg ganske respektlaust overfor dei som ikkje har fast arbeid å gå til. Det gjeld ikkje berre her i Årdal, men i heile landet vårt. For alt me veit kan dette gjere at folk flyttar til bygda, og det treng ein kommune som Årdal der folketalet gjekk drastisk ned i fjor.

Til sjuande og sist må eg understreke at dei unge må melde seg på i større grad. Det har dei heldigvis gjort på skulane, som har kome opp med 200 (!) forslag til tiltak som kan erstatte Hydroparken. Dei unge tenkjer tydelegvis framover og alternativt. Ungdomen i bygda vert alltid trekt fram når dei folkevalde handsamar budsjett og planar. Det er fornuftig, fordi dette er framtida.

Om ein er for eller imot, så skal ein ha respekt for alle synspunkt, men det er viktig at ein veit kva ein faktisk seier. Det er lite poeng med eit opplysande folkemøte dersom ein uansett skal stemple informasjonen for løgn. 

Mennesket er skeptisk av natur, men i ei bygd som Årdal må ein applaudere dei som torer å ta ein sjanse og vil investere i kommunen, anten det er snakk om eit lite bryggeri eller eit stort forretningsbygg. For dersom ingen er villig til å ta den risikoen, kva skjer då med samfunnet vårt? 

Til toppen