IDEOLOGI: - Det er ideologi som ligg bak kontantstøtta. Ein tanke om at familiar i større grad skal kunne bestemme sjølve, og at ein vil utjamne kontantoverføringane til barnefamiliane, skriv Trude Brosvik.
meiningar
IDEOLOGI: - Det er ideologi som ligg bak kontantstøtta. Ein tanke om at familiar i større grad skal kunne bestemme sjølve, og at ein vil utjamne kontantoverføringane til barnefamiliane, skriv Trude Brosvik. (Bilde: KrF)
meiningar

Kvifor er kontantstøtta viktig?

- Borna våre er ulike, nett slik vi vaksne er. Kontantstøtta gir eit lite pusterom til småbarnsfamiliar i tids- og livsklemma, skriv Trude Brosvik, 2. kandidat KrF Sogn og Fjordane.

Den elska og hata kontantstøtta, som skaper ideologiske bølgjer i det politiske landskapet, blir 1. august auka til kr. 7.500,00 i månaden. Støtta er ei direkte overføring til barnefamiliar som vel å bruke meir tid saman med barnet i 2. leveåret. Somme tider skulle ein tru det var ei støtte som varte til barnet byrja på skulen…

Mange familiar synest full barnehageplass frå barnet er 10-12 månader gir dei for lite tid saman, og ønskjer å innrette livet rundt barnet annleis. Kontantstøtta gjer at dette blir mogeleg for fleire enn dei med god økonomi.

Det finst mykje god forsking rundt kor viktig dei første leveåra er. KrF syns derfor det er positivt at ein del foreldre vil prioritere meir tid saman i familien i denne tida. Dette er ikkje grunngitt i korkje mistillit eller negative haldningar til gode barnehagar, slik mange likar å framstille det.

I vårt fylke, der det for mange også er lang køyring til næraste barnehage, vil barnehage som einaste prioriterte omsorgsform frå samfunnet, også gje mange unødvendige timar i bil. For dei av oss som har arbeidsplassen td. på garden, så blir det ei ekstra-køyring som kjennest tidsøydande. Derfor er kontantstøtta kanskje ekstra populær for mange her hos oss.

Ap har aldri likt kontantstøtta. Dei har argumentert mot ho fordi den held «mor» ved kjøkkenbenken. Når det viste seg ikkje å vere tilfellet, så var det at alle må vere i løna arbeid for å få del i velferdsgoder. Det argumentet fall også på eigen urimelighet, så då var det innvandrar- og integreringskortet som vart dratt. FrP har tidlegare hatt stor sans for kontantstøtta, fordi ho har stolt på foreldre si dømmekraft, og gitt valfridom. No ser vi at det ideologiske om valfridom lett blir ofra for å passe inn i skremmebiletet rundt manglande integrering og at pengar kan hamne utanfor landet. Så FrP og Ap har funne kvarandre. Er det ei god kjensle?

Sp klarte å halde fast på kontantstøtta (rett nok med ein liten reduksjon) i raudgrøn regjering. KrF har i samarbeid med V,H og FrP vidareført og auka ho. Og eg må seie statsminister Erna Solberg er god og truverdig når ho argumenterer langs ideologiske linjer for å halde fram med ordninga.

For det er ideologi som ligg bak kontantstøtta. Ein tanke om at familiar i større grad skal kunne bestemme sjølve, og at ein vil utjamne kontantoverføringane til barnefamiliane. For du trur vel ikkje barnehageplass er gratis for samfunnet? Men aller viktigast; vi trur mange born har godt av ein rolegare oppstart i livet, kanskje med nokre månader lengre heime, kanskje med kortare eller færre barnehagedagar i starten. Borna våre er ulike, nett slik vi vaksne er. Kontantstøtta gir eit lite pusterom til småbarnsfamiliar i tids- og livsklemma. Og familiar som fungerer godt er kanskje beste førebygginga vi kan gjere i eit samfunn?

 Trude Brosvik, 2. kandidat KrF Sogn og Fjordane

Til toppen