GØY FOR BORNA: Dei 27 fyrsteklassingane på Årdalstangen skule hadde kombinert klassefest og halloween-fest i Vikadalen kulturhus måndag kveld, slik at dei kunne gå kringom i bygda ikledd kostymene sine tysdags kvelden. Åtte foreldre arrangerte klassefesten.
GØY FOR BORNA: Dei 27 fyrsteklassingane på Årdalstangen skule hadde kombinert klassefest og halloween-fest i Vikadalen kulturhus måndag kveld, slik at dei kunne gå kringom i bygda ikledd kostymene sine tysdags kvelden. Åtte foreldre arrangerte klassefesten. (Bilde: Darija Volosjina)

Kvifor feirar me Halloween?

Mange saknar jolebukkane som sang songar. Men ser ein på historia til Halloween, so er det ikkje noko unaturleg med å kombinere også denne feiringa med sang.

Den viktigaste grunnen til at me feirar Halloween er kanskje at dagen er spanande for born og at mange vaksne òg synest det er kjekt. Fyrsteklassingar i Årdalstangen har Halloween-klassefest, vaksne har Halloween-fest på Bakeriet i Årdal, til dømes. 

Har du feira Halloween i kveld eller i helga? Send inn bilete til tips@porten.no!

Historia bak dagen er spanande. Halloween er ei skotsk forkorting av det gamle All-Hallows Eve, allhelgensaftan eller helgemesse på norsk. I den katolske kyrkja er dette den viktigaste dagen for å minnast alle helgenane i eitt og ikkje berre èin einskildhelgen. Dagen var viktig hjå oss òg, faktisk lenge etter at danskekongane hadde gått over til Luther si lære i 1536-37.

Sjølv om helgenrelikvie og helgenmåleri vart øydelagte i Noreg i samband med reformasjonen, heldt helgemessa 1. november fram med å vere ein heilagdag hjå oss heilt til 1771. Og i den norske kyrkjekalenderen er fyrste sundagen i november den dag i dag ein dag å minnast dei som har gått bort.

I 1771 vart ei reform med namn festdagsreduksjonen innført i Danmark-Noreg, der me mista heile ti av heilag- og festdagane våre. Attåt bortfallet av helgemessa 1. november, mista vi heilagdagar som tredje joledag, tredje pinsedag, tredje påskedag, jonsok (for døyparen Johannes) og Mikjelsmessa 29. september (for erkeengelen Mikael). Ein annan dag som slutta å vera heilag no, var heilage tre kongarsdagen den 6. januar, dagen åt dei tre vise menn, 13. dag jol. 

Urgamalt opphav

Helgemessa har ikkje alltid høyrt haustmørkret til. Den katolske kyrkja lanserte dagen til ære for kristne martyrar på 300-talet og sette den til 13. mai. I år 840 vart det bestemt at heilagdagen skulle gjelda også for alle helgenar og fire år seinare, i år 844, bestemte pave Gregorius IV at dagen skulle verta flytta frå våren til hausten, til 1. november.

Pilgrimar fann lettare mat der dei fór, sidan 1.november kom like etter innhaustinga. Men kanskje var det ein annan viktigare grunn til at paven flytta datoen for helgemessa: Natta til fyrste november hadde sidan urgamle tider vore ein viktig dag i keltarane sin folketradisjon og keltarane var spreidde utover mest heile det europeiske kontinentet på 800-talet.

Keltarane trudde at dei denne natta kom nærare dei bortkomne enn andre netter, skiljelinene mellom vår verd og det hinsidige vart nesten borte og dei daude kom «heimatt» til oss.  

I gamle dagar var folk opptekne av astrologi og tida kring 1. november er midt mellom haustjamdøger og vintersolkverv. Soleis var dagen ein symbolsk dag som varsla at vintertida slår inn.

Keltarane heldt seg vakne seint og tende ljos i mørkret som dei tok inn i fôrneper eller graskar som vart skorne om til andlet med fælslege drag. Kelterane tok også skremmelege masker på seg sjølve, for å skremme unna vonde utyske. Dei kalla dagen for samhàin. På samhàin tende dei òg store bål for dei daude.

Og so grov dei ned eple i jorda, som dei daude sjelene kunne ha å eta på.

Til Amerika og vidare til Noreg og andre land

Det folket på dei britiske øyene som framleis har mest att av den keltiske kulturen sin og der det er flest att som talar eit keltisk språk, er Irland. 

Feiringa av Halloween med fælslege masker døydde ikkje skikkeleg ut før ut på 1900-talet i Irland. Mellom 1845 og 1849 vart Irland råka av ei grusom ulukke, då potetavlingane slo feil og det vart hungersnaud på øya og det irske folketalet vart halvert grunna sveltedaud og utvandring. Nesten ein million irar fòr då til USA åleine. Det tok lang tid før irane vart skikkeleg integrerte i USA og dei var ofte flinkare til å halda på kulturen sin enn irane heime i Irland. Ein trur at all den irske utvandringa til USA er hovudgrunnen til at Halloween seinare vart ein del av amerikansk kultur, ein kultur som me i Noreg har teke del i sidan 1990-talet.

Fyrste gongen mange norske born høyrde om Halloween, var i ei Carl Barks Donald-historie som vart omsett til norsk i 1993. Ole, Dole og Doffen sa "trick or treat" på engelsk, so klart og i den norske utgåva var det omsett med "knask eller knep".

Også knask eller knep kan knyttast til keltarane

Når det var Samhàin natt til 1. november, so trudde folk at vetter og skrømt kunne kome frå dør til dør og ein måtte vere vensam med dei, slik at dei lét både folk og buskap i fred vintertid. Folk sette ut mat og drikke utfor dørene sine, for å halde ein diplomatisk god tone med skremmande ånder.

Ein sette også ut ei ekstra skål med mat inne i huset, til kjære og kjende i daudsriket, som kom på «vitjing» denne natta. 

Tanken på at sjelene til daude kjem attende til jordkloten ein gong i året finst ikkje berre hjå keltarane, mange folkeslag over heile verda har og har hatt ei slik tru. 

I mellomalderen i Irland utvikla denne tradisjonen seg vidare. Folk som kledde seg ut som ånder eller utyske, byrja å gå frå dør til dør og spørje om mat og godsaker, men fyrst etter å ha lese opp kristne vers eller sunge salmar. Sjølv om folk i husa visste at det var utkledde folk som kom, tenkte dei at desse utkledde likevel kunne vere personifiseringar av helgenar eller Jesus og det var viktig å vere raus og gjevmild. 

Kjelder:

→ Norsk og engelsk Wikipedia. 

→ Catholicculture.org

Til toppen