– Det er svært positivt at so mange har eit brennande engasjement for fotball, men det må ikkje gå på kostnad av dei som kanskje ikkje er like begeistra for denne sporten, skriv Samuele Mascetti.
– Det er svært positivt at so mange har eit brennande engasjement for fotball, men det må ikkje gå på kostnad av dei som kanskje ikkje er like begeistra for denne sporten, skriv Samuele Mascetti. (Foto: Privat)

MEININGAR

– Kvifor må klatringa alltid vika for fotballen?

Samuele Mascetti er provosert over at klatrarane på Fosshaugane fleire gonger i vinter har blitt kasta ut for at fotballen har kravd trening på innebana.

Meiningar: Klatreidretten vert stadig meir populær i Sogndal, og i vinterhalvåret er klatresenteret på Fosshaugane alltid folksamt. Det overraskar ikkje, det er eit framifrå tilbod som inkluderer buldrevegg (nyleg utvida og betra), speed-vegg, treningskrok og barnevegg, i tillegg til sjølvaste storveggen, ein dei beste klatreveggene i heile landet. Her kan alle boltra seg same kva alder, kjønn og klatreferdigheiter. Eg er sjølv ein av dei og brukar klatreanlegget omtrent annankvar dag.

No har det seg slik at stundom krev fotballkampar innebana. Til vanleg finst det ein plan for innekampar ein kan retta seg etter, og det har aldri vore noko problem for dei mange klatreentusiastane i bygda å droppa ei treningsøkt i ny og ne, men sidan nyttåret har dagane med redusert opningstid auka monaleg på grunn av uvêret før kulden no.

Sidan nyttåret har dagane med redusert opningstid auka monaleg på grunn av uvêret før kulden.

Samuele Mascetti

Treningar avlyst på kort varsel

Fotballkampane må altso inn, og absolutt heile bana må brukast. Slike nyhende kjem ofte på kort varsel, nylegast onsdag rundt klokka 12.30 vart det meldt at klatreanlegget skulle stengja klokka 17.30. Mange klarte jo å skvisa inn ei lita klatreøkt etter jobb eller skule, men bortimot 40 stykk som berre tok opp den eine enden av bana laut heim so 22 karar fekk sparka ball.

Eg kan ikkje vera den einaste som tykkjer at dette er dumt, spesielt når det same skjer både enkelte vekedagar og fleire helgar på rad.

Dei fleste har tid til å klatra berre om ettermiddagen eller i helgane – akkurat når kampane skal spelast – og missar mange høve til å trena og sosialisera, i tillegg til at det vert pengetap om ein ikkje får nytta seg av eit tilbod ein betalar for.

Kurs og gruppeaktivitetar går òg i vasken: Onsdag ettermiddag var barneklatringa planlagd, og heile tolv ungar måtte nøya seg med det vesle barneområdet på få kvadratmeter. Klokka 19.00 skulle ungdomsklatringa fylgja, om det vart noko av henne, veit eg ikkje.

Klatring på internasjonalt nivå

Heldigvis er Idrettsenteret og Klatresenteret sine tilsette veldig flinke til å halda oss hobbyklatrarar oppdaterte og melda frå om redusert opningstid og stenging. Ingen kan klandra dei for slike situasjonar, dei gjer sin jobb og gjer han godt, også når dei må hiva oss ut lenge før vanleg stengjetid.

Då må eg berre lura på kvifor det er klatringa som heile tida må vika for fotballen, kvifor aldri det motsette? Jau, «Stao no pao!», Saftbygdi, «Mi er med» og heile pakka. Eg veit godt at fotball er skikkeleg alvor i Sogndal, og ein må ikkje gløyma at han er ganske bra butikk for bygda òg. Likevel er Sogndal si rolle innanfor klatreidretten slett ikkje ringare.

Klatrefeltet på Kvam er eitt av dei største i Noreg, og både norske og utanlandske toppklatrarar har skrytt av rutene der. Få andre stader har eit so stort og moderne klatreanlegg som me har. Sogndal klatreklubb er eit svært aktivt lag med mange unge og lovande talent, som støtt tek pallplasseringar og presterer på høgt internasjonalt nivå.

Inviterer fotballspelarane til klatring

Alpinklatringa sitt mekka, Hurrungane, ligg berre nokre få mil unna, og Sogndal vert det naturlege startpunktet for dei mange som driv med det, både føretak og private. Eg skjønar altso ikkje kvifor det skal vera so sjølvsagt at klatring må nedprioriterast. Er det so vanskeleg å finna éi snøfri fotballbane i nærområdet? Må kvar einaste kamp flyttast inn straks forholda ute ikkje er heilt tipp topp?

Klatresenteret har planar om å utvida klatreanlegget med ei ny avdeling uavhengig av innebana sitt areal, og eg vonar verkeleg at dette prosjektet får støtta det fortener frå kommunen og andre aktørar.

Nokon vil sikkert synast at eg driv og bannar i kyrkja, men me må hugsa at «superlaget frao Sogndal» er jo nettopp Sogndal, ikkje Barça, og hine lokale laga like eins. No gjeld det å forstå meg rett: Eg meiner ikkje at fotball er uviktig og bør få mindre plass, tvert imot! Alle sports- og aktivitetstilbod er ekstremt viktige og bidreg til velvære og velstand i bygda, men dei som ikkje har ein so lang og stolt tradisjon som fotball, bør sleppast meir til.

Det er svært positivt at so mange har eit brennande engasjement for fotball, men det må ikkje gå på kostnad av dei som kanskje ikkje er like begeistra for denne sporten – eller rett og slett gjev blaffen i han.

Klatresenteret har planar om å utvida klatreanlegget med ei ny avdeling uavhengig av innebana sitt areal, og eg vonar verkeleg at dette prosjektet får støtta det fortener frå kommunen og andre aktørar. Fram til då får me hobbyklatrarar berre invitera fotballfolk til litt tauing i storveggen, so dei kan oppleva denne kjekke aktiviteten me likar so godt. Kan henda dei innser at klatring òg er ein ekte idrett, sjølv om ein ikkje sparkar nokon ball.

I ein e-post til Porten.no opplyser han at det også denne laurdagen er redusert opningstid på klatresenterert.

Til toppen