OPPSTODA: Jesus har stått opp frå dei døde og viser seg for Maria Magdalena. Måleri av Pietro da Cortona (1596– 1669). Foto: Wikimedia
OPPSTODA: Jesus har stått opp frå dei døde og viser seg for Maria Magdalena. Måleri av Pietro da Cortona (1596– 1669). Foto: Wikimedia

Kvinna frå Magdala

Maria Magdalena har kanskje fått eit frynsete rykte, men ho er den viktigaste kvinna i påskebodskapen.

  • Endret

– Me er ganske sikre på at Maria Magdalena var ein historisk person, seier Oskar Skarsaune, professor emeritus ved Det teologiske menighetsfakultet i Oslo.

– Ho er omtalt i alle dei fire evangelia, og desse er skrivne så tidleg som 30– 60 år etter hendingane det blir fortalt om. Det er veldig nært hennar levetid – nærmare enn me til dømes er den andre verdskrigen i dag. Dessutan er forteljingane om Maria Magdalena så «motkulturelle» at dei må vera sanne, meiner han.

Artikkelen held fram under biletet

BLANDING: Maria Magdalena er blanda saman med namnesystera Maria frå Betania, systera til Lasarus. Her ser ein Maria Magdalena på eit måleri frå Musei Capitolini i Roma.
BLANDING: Maria Magdalena er blanda saman med namnesystera Maria frå Betania, systera til Lasarus. Her ser ein Maria Magdalena på eit måleri frå Musei Capitolini i Roma.

Ifølgje evangelia gjekk Maria Magdalena, tre dagar etter Jesu krossfesting, til hola der han var gravlagd. Her fann ho grava tom, og Jesus sjølv – oppstanden frå dei døde. Maria fortalde disiplane om hendingane, og ho vart slik den første til å forkynna bodskapen om Jesu oppstode. Det er hennar vitnesbyrd som blir lagt til grunn for at kristendommen i det heile vart til.

– Dette er stikk i strid med normene på den tida. Vitnemål frå kvinner vart normalt ikkje aksepterte på denne tida, og ei kvinne kunne til dømes ikkje vitna i ei rettssak. Hadde historia vore dikta opp, ville ein dermed gjort ho meir «truverdig». Det talar for at skapningen Maria Magdalena er historisk, meiner Oskar Skarsaune.

Legendarisk kvinne

Om Maria Magdalena er ein historisk person eller ikkje, er kanskje det minst interessante ved kvinna, meiner idéhistorikar og forfattar av boka «Maria Magdalena – disippelen Jesus elska», Kristin Brandtsegg Johansen.

– Maria Magdalena har uansett prega kristendommen, med den heilt sentrale posisjonen sin ved Jesu side. Ho var jo til stades ved to av dei viktigaste hendingane i livet til Jesus – nemleg krossfestinga og oppstoda. Og legendestoffet rundt Maria Magdalena har vore enormt viktig for folk. Ho stod Jesus svært nær og gav dermed folk tilgang på han på ein annan måte enn dei andre disiplane gjorde. Maria Magdalena gjorde Jesus menneskeleg, seier Brandtsegg Johansen og tilføyer:

– Folk har alltid vore fascinerte av henne og halde av henne, sjølv om kyrkjefedrane heilt sidan mellomalderen har prøvd å halda henne unna og gjera henne til ein annan enn den ho var.

Disippel eller skjøke

Det har vore mange spekulasjonar om rolla til Maria Magdalena. Ho er særleg blitt identifisert som skjøke – prostituert – og syndar. I vestleg tradisjon vart Maria nemleg blanda saman med fleire andre kvinner, mellom andre ein ikkje namngitt kvinneleg syndar i Lukasevangeliet, og med namnesystera Maria frå Betania.

– Det var mellomalderpaven Gregor I den store som først fekk gjennomslag for syndar-synet. I dei tidlegare skriftene står det nemleg ingenting om dette. Men innføringa av sølibatet på 300-talet kan nok ha gitt kyrkjefedrane behov for å gjera kvinner til eit problem, meiner Kristin Brandtsegg Johansen.

Artikkelen held fram under biletet

NÆR: Maria Magdalena stod Jesus svært nær og gav med det folk «tilgang» på han på ein annan måte enn dei andre disiplane gjorde. Her kyssar ho føtene til den krossfesta Jesus på eit måleri i Basilica di San Nicola da Tolentino i Italia.
NÆR: Maria Magdalena stod Jesus svært nær og gav med det folk «tilgang» på han på ein annan måte enn dei andre disiplane gjorde. Her kyssar ho føtene til den krossfesta Jesus på eit måleri i Basilica di San Nicola da Tolentino i Italia.

I 1969 innrømma likevel Vatikanet at førestillinga om Maria Magdalena som syndar bygger på samanblandinga av fleire ulike kvinner. Utan at det har endra den folkelege oppfatninga av Maria nemneverdig.

– Maria frå Magdala fortener plass som disippel og forkynnar, ikkje som vakker syndar. Ho og dei andre kvinnene i Det nye testamentet hadde nemleg heilt andre og sentrale roller i byrjinga av kristendommen. At det var ei kvinne som var den første som forkynte bodskapen som heile den kristne kyrkja er tufta på, er både revolusjonerande og utruleg viktig i seg sjølv. Og denne utelatinga av Maria Magdalena har nok hatt stor kvinnepolitisk innverknad, seier Brandtsegg Johansen og legg til:

– Det er likevel ikkje så viktig for meg å skulla reinvaska henne. Maria Magdalena sin innverknad som «syndaren som vart tilgiven» har hatt ein enorm innverknad for truande gjennom historia – som syndarhelgen gir ho jo håp til alle.

(©NPK)
 

Til toppen