UTFOR VEGEN: To personar vart sende til sjukehus etter ulukka ved Kollsete på rv. 5. Foto: Øyvind Nondal
UTFOR VEGEN: To personar vart sende til sjukehus etter ulukka ved Kollsete på rv. 5. Foto: Øyvind Nondal

Kvinne (58) alvorleg skadd etter trafikkulykke

To personar vart sendt til sjukehus etter ei trafikkulykke ved Kollsete måndag ettermiddag.

Sogndal: Dei to, ein 62 år gamal mann og ei 58 år gamal kvinne, var dei einaste involverte i ulykka då bilen deira hamna utanfor vegen i Sogndalsdalen.

Hendinga skjedde klokka 18.10 måndag ettermiddag, melde politiet på Twitter, som då var usikre på skadeomfanget.

Dei to personane vart berre sendt til Førde sentralsjukehus. Mannen vart innlagt med lettare skadar, medan kvinna var alvorleg skadd. Sjukehus skreiv i ei pressemelding i går kveld at kvinna no er overført til Haukeland Universitetssjukehus. 

Til toppen