PUSTA INN RØYK: Ifølgje politiet hadde ikkje kvinna synlege skader, men seier ho hadde pusta inn ein del røyk.
PUSTA INN RØYK: Ifølgje politiet hadde ikkje kvinna synlege skader, men seier ho hadde pusta inn ein del røyk. (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Kvinne (97) til sjukehus etter varmeteppet byrja å brenna

Brannvesenet var raskt på staden og fekk sløkt brannen.

Årdal: Ei 97 år gammal kvinne vart sendt til sjukehuset i Lærdal med ambulanse for sjekk, etter at det byrja å brenna i varmeteppet og madrassen hennar medan ho låg i den.

Dét melde Vest politidistrikt på Twitter sundag morgon.

Kvinna, som bur i ein omsorgsbustad i Øvre Årdal, skal ikkje ha synlege skader på kroppen etter brannen. 

Politiet opplyser derimot at ho har pusta inn ein del røyk. 

Brannvesenet var ifølgje politiet raskt på staden. Brannen vart meld klokka 07:22, og kort tid etter, klokka 07:48, var brannen sløkt.

Til toppen