SKØRSNØSE: Kvinna vart funnen i området Skørsnøse, som ligg mellom Tyinkrysset og Nystuen, på andre sida av vegen i høve Tyin - Filefjell skisenter. Kart: Google maps
SKØRSNØSE: Kvinna vart funnen i området Skørsnøse, som ligg mellom Tyinkrysset og Nystuen, på andre sida av vegen i høve Tyin - Filefjell skisenter. Kart: Google maps

Kvinne fall utfor fjellskrent vest for Tyinkrysset

Funnen omkomen søndag kveld.

Vang: Kvinna i slutten av 50-åra skal ikkje ha kome tilbake til hytta på Filefjell som avtalt søndag ettermiddag, og då vart kvinna meld sakna av mannen sin, ifølgje NRK.

Leitemannskap vart sett inn, og kvinna vart sett frå lufta av ein luftambulanse.

– Ho var omkomen på staden, seier operasjonsleiar hjå politiet Innlandet, Arne Norevik til statskanalen.

Kvinna vart funnen i området Skørsnøse, som ligg mellom Tyinkrysset og Nystuen, på andre sida av vegen i høve Tyin - Filefjell skisenter. Kvinna var heimehøyrande i Bergen.

Til toppen