Årdal: Ho og mannen konkurrerte om å ha flest rette då Lotto-tala vart lest opp, skriv Norsk Tipping.
Då Hovland fortalte at ho hadde sju rette, trudde ikkje mannen på ho. Tala vart sjekka og samanlikna. Til slutt kunne dei konkludere – Hovland var blitt Lotto-millionær.
– Det er heilt vilt! Fy flate, denne kupongen må rammast inn, seier Hovland til Norsk Tipping.
Laurdag var det 14 millionar i førstepremie, men sidan to andre også hadde dei same tala, vert potten delt på tre. Det gir småpene 4.877.990 kroner.
Femukers-kupongen kjøpte ho på Rema 1000 på Årdalstangen i desember.