Aurland: Det var Nina Møgster fra Flåm som omkom i trafikkulukka på E16 ved Flåm fredag før helga. Det skriv politiet i ei pressemelding måndag.
Ordførar Trygve Skjerdal i Aurland seier dødsfallet har råka det vesle samfunnet hardt.
– Aurland er ikkje større enn at me treng alle som er her. Dette grip direkte inn i kvardagen vår. Me tok imot nyheita med stor sorg, og har sterk medkjensle med dei som sit att, seier han.
Mista medarbeidar
Møgster jobba på Sognaporten i Aurland, ein serveringsstad med turistinformasjon, kiosk, bensin- og ladestasjon som ligg rett ved utgangen av Lærdalstunnelen.
– Me har mista ein veldig god medarbeidar. Nina Møgster har jobba hos oss i 15 år. Ho vil bli veldig sakna, seier dagleg leiar Inger Grindheim til BT.
Ifølgje avisa var Møgster på veg heim til familien etter jobb fredag kveld då ho miste livet i trafikkulukka som involverte to andre bilar.