UHELL: Ei kvinne i 20-åra køyrde av vegen ved Marifjøra onsdag kveld. 
UHELL: Ei kvinne i 20-åra køyrde av vegen ved Marifjøra onsdag kveld. 

Kvinne frakta til sjukehus etter å ha køyrt av vegen

Ein einsleg bil køyrde av vegen i Luster.

Luster: Politiet fekk melding om uhellet klokka 22.39 onsdag kveld. Då kom meldinga om at ein bil hadde køyrt av fylkesveg 55 ved Marifjøra i Luster.

Både politi og ambulanse rykte ut til staden. I bilen var det berre denne eine kvinna i 20-åra.

Ho vart frakta til Førde sentralsjukehus, men det var ikkje mistanke om rus, melder politiet. 

Til toppen