Høyanger: Litt før halv ni torsdag kveld fekk politiet melding om at ei kvinne i 40-åra var funnen medvitslaus i vegen mellom Høyanger og Vadheim.
– Me rykka ut, og det enda med at ambulansen køyrte vedkomande til sjukehuset i Førde, seier Geir Harkjerr, førstebetjent ved Høyanger lensmannskontor.
Politiet mistenker ikkje at noko kriminelt ligg bak, og vil difor ikkje etterforska hendinga.
– Me veit ikkje nøyaktig kva som har skjedd, men det var ikkje noko påkøyrsel eller uhell, seier Harkjerr.
Helse Førde har ikkje høve til å kommentere helsetilstanden til pasientar.