SAMANSLÅING: Frå 1. juli er Sogn tingrett historie, og Sogn og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde blir fylkets einaste tingrett. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
SAMANSLÅING: Frå 1. juli er Sogn tingrett historie, og Sogn og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde blir fylkets einaste tingrett. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.  (Foto: Arkivfoto/Ina Eirin Eliassen. )

Kvinne i 20-åra blir utlevert frå Sogn – sikta for datakriminalitet i heimlandet

Risikerer fleire år i fengsel.

Sogn: Sogn og Fjordane tingrett vedtok før helga å utlevera ei aust-europeisk kvinne i 20-åra. Kvinna bur og jobbar i Sogn, men er skulda for svindel og datainnbrot i heimlandet. 

Sidan etterforskinga av saka starta i 2016 har ho ikkje reist tilbake til heimlandet. Kvinna hadde først status som vitne, men vart seinare mistenkt i saka. Ho er sikta for lovbrot som kvar av dei kan medføra straff på inntil to år etter norsk lov.

Kvinna vart arrestert 18. juli, men har ikkje samtykka til utlevering. Påtalemakta ønskte å halda kvinna i varetekt i opptil fire veker fram til utleveringa er gjennomført. Dette fordi dei fryktar at kvinna vil prøva å unndra seg straff.

Retten meinte derimot at kvinna kan setjast fri, mot at ho får meldeplikt og leverer inn pass og eventuelt andre identitetsbevis til politiet. Denne avgjerda anka påtalemakta, og retten gjekk med på at kvinna blir halde i varetekt fram til anken er handsama i lagmannsretten.

Viss ho blir dømd, er kvinna fri til å flytta tilbake til Norge etter å ha sona ferdig.

Til toppen