Kvinne i 40-åra hamna på sjukehus etter utforkøyring – mistanke om rus
(Bilde: Illustrasjon)

Kvinne i 40-åra hamna på sjukehus etter utforkøyring – mistanke om rus

Kvinna var åleine i bilen då ho hamna utfor vegen like utanfor Sogndal sentrum.

Sogndal: Det var klokka eitt i natt at ei kvinne i 40-åra køyrte av vegen ved Loftesnesbrua i Sogndal, på barsnessida. Naudetatane vart varsla. 

Kvinna var åleine i bilen og hadde ingen synlege skadar etter uhellet. Bilen hadde derimot fått ein god trøkk etter samanstøyten med nokre steinar. Airbagen vart utløyst.

Politiet opplyser at det er mistanke om ruskøyring og at det vert oppretta sak. Etter uhellet vart det tatt ein utvida blod- og urinprøve på det lokale legekontoret i Sogndal.

Etterpå vart kvinna frakta til Førde sentralsjukehus for observasjon. Politiet har ikkje oppdaterte opplysingar om helsetilstanden til kvinna.

Til toppen