Sognefjellet: Då kvinna mista all sikt i skodda og mørkret på høgfjellet, fekk ho slått alarm. Det var elendige flygefohold, men Norsk Luftambulanse gjorde ein freistnad. Kvinna hadde fått beskjed om å lysa med mobiltelefonen sin når helikopteret kom. Slik fekk luftambulanse-folka auge på henne. Helikopteret kunne ikkje lande på grunn av dårleg sikt.
Men dei fekk lokalisert henne, slik at det vart lettare for snøscooter-personalet frå Raudekrossen å finna henne. Då dei fann henne var ho kald, men ho vart frakta ned frå fjellet i god behald.
Dette fortel operasjonsleiaren i Politiet Innland.