NOK Å STRI MED: Politiet har hatt litt av kvart å stri med i natt.
NOK Å STRI MED: Politiet har hatt litt av kvart å stri med i natt. (Foto: Illustrasjon)

Kvinne sakna frå fest –  utløyste stor leiteaksjon

I natt leita politiet, Røde kors og redningshundar etter ei kvinne i 20-åra, som ikkje var komen heim frå ein fest i Sogndal. Ut på morgonkvisten kom ho til rette att for eiga maskin. 

Det var ikkje det einaste feststemte individet politiet hadde å stri med i natt. Det starta rett over midnatt på Kaupanger, der politet måtte be ein bråkete lag om å dempe lydnivået.

Like før eitt kom det melding om ein berusa mann som var i klammeri med fleire gjestar på ein utestad i Leikanger. Saka vert politimeld.

Litt over tre måtte politiet avslutte eit naschpiel på Årdalstangen som hadde kome ut av kontroll. 

På same tid og same plass måtte politiet køyre heim ein rusa tenåring.

I halvsjutida måtte naudetatane rykke ut etter melding om brann i eit vogntog som stod parkert langs riksveg 50 i Aurland. Brannen vart sløkt.

Til toppen