LIKESTILLING: Arbeid med haldningar i samfunnet er svært viktig for å få eit meir likestilt samfunn. Dette arbeidet må starte i barnehagen og halde fram gjennom heile utdanningsløpet, skriv distriktssekretær i LO, Nils P. Støyva. Foto: Privat.
LIKESTILLING: Arbeid med haldningar i samfunnet er svært viktig for å få eit meir likestilt samfunn. Dette arbeidet må starte i barnehagen og halde fram gjennom heile utdanningsløpet, skriv distriktssekretær i LO, Nils P. Støyva. Foto: Privat.

MEININGAR

Kvinnedagen er framleis like aktuell

​Noreg er eit av dei mest likestilte land i verda. Kvinner har gjennomsnitt lenger og høgare utdanning enn menn. Vi har stor yrkesdeltaking hos kvinnene. Likevel har vi framleis mange utfordringar innan arbeidet med likestilling.

Kvinnedagen 8. mars må framleis vere ein viktig kampdag for norske kvinner og for arbeidet med likestilling.  

Tre av Noreg sine største verksemdene har siste tida fått ny leiar. Ingen av desse er kvinner. I næringslivet er det kvinner i berre 13 prosent av leiarstillingane. Det er framleis slik at kvinner i gjennomsnitt arbeider mindre enn menn, tener mindre enn menn, eig mindre enn menn, har mindre makt og innflytelse enn menn og tek ein større del av det ubetalte omsorgsarbeidet enn menn.

Likeløn er eit område med store skilnader mellom menn og kvinner. Ser vi på gjennomsnitt løn pr. årsverk, tener  kvinner 88 prosent av det menn tener. Eg skal gje nokre gode eksempel. 85 prosent av dei som arbeider i det kommunale barnevernet er kvinner. Sosionomar, vernepleiar og barnevernspedagogar har 3-årig høgskuleutdanning.  85 prosent av dei som er dataingeniørar er menn. Typisk utdanning er 3-årig høgskule eller utdanning frå universitet.

Barnevernspedagogen tener 78 prosent av det dataingeniøren tener.  Desse to yrkesgruppene har like lang utdanning. Kvifor i alle dagar skal ein dataingeniør tene 123.000 kroner meir i året enn ein barnevernspedagog? Ser vi på dei reelle inntektsforskjellane, er lønsskilnadane endå større. Dette fordi kvinner i langt større grad enn menn arbeider deltid. 

Kvinner i deltidstillingar er eit anna problemområde. Det er også viktig at vi aktivt byggjer ein kultur for heiltid og heile stillingar. Dette er særskilt viktig i dei områda av arbeids- og næringslivet der deltid framleis er utbredt. Diverre har vi ei blå-blå regjering som dreg likestillinga i samfunnet i feil retning. I dag blir det ført ein politikk som medfører frislepp av midlertidige stillingar. På denne måten blir likestillinga sett tiår tilbake i tid. Difor var likestilling eit viktig argument då vi for eitt år sidan kjempa for å forsvare arbeidsmiljølova. No  har regjeringa gått laus på likestillingslova. 

I det politiske arbeidet er det også langt igjen til at vi kan snakke om likestilling. Tal frå SSB viser at 39 prosent av medlemmane i kommunestyra er kvinner etter valet sist haust. Det er ein auke på 1 prosent. 28 prosent av ordførarane er kvinner, og det er ein auke på 6 prosent frå 2011 valet. Tala viser at det lang frå er likestilling på den politiske arena. På 1970 og 1980-talet auka kvinnedelen i politikken med omlag 10 prosent til 35 prosent. Etter denne tid har kvinnedelen gått litt opp og ned.  Men det har aldri vore over 40 prosent kvinner i norske kommunestyrer eller på Stortinget.

Eksempela ovanfor viser at det framleis er trong for ein brei og aktiv politikk innan likestilling. Arbeid med haldningar i samfunnet er svært viktig for å få eit meir likestilt samfunn. Dette arbeidet må starte i barnehagen og halde fram gjennom heile utdanningsløpet. Vi må bruke politikken til å fremme likestillinga også på heimebane. Dette kan gjerast ved at far får ein større del av fødselpermisjon. For LO er likestilling ei kampsak og har alltid ein brei plass i lønnsoppgjerd og andre politiske prioriteringar.

Nils P Støyva                            

Distriktssekretær i LO    

Til toppen