Sogndal: Kvinnedagen i Sogndal blei i år arrangert på biblioteket med eit føredrag om flyktningsleiren på Chios i Hellas. Lodd, kaffi og kake blei også selde og pengane gjekk til krisesenteret i Sogn og Fjordane.
I Sogndal har det alltid vore ei markering på kvinnedagen. Vibeke Johnsen er arrangør for kvinnedagen i Sogndal og har vore med å arrangere i 23 år.
Tradisjon til å selje lodd

– Vi arrangerer kvinnedagen på forskjellige stad og med forskjellige tema kvart einaste år, forklarer Johnsen. Vidare fortell ho at det er ein tradisjon å selje lodd til krisesenteret og at alle pengane går direkte til dei.
Trude Ramstad heldt eit veldig sterkt føredrag om flyktningeleiren på Chios i Hellas. Ho viste mange bilete med sterke kjensler og filmar som viser korleis det er for flyktningane å oppleve det dei gjer. Gjennom heile føredraget var det musestille utanom litt snufsing innimellom.
– Vi burde gjere meir. Det er vanskeleg å vite kva som er rett å gjere, men vi må hjelpe å gi og vere bevisste på kva som skjer. Fleire har noko å gi, det er viktig å gjere noko godt for andre for ein har det veldig bra sjølv, avsluttar Ramstad.