Aurland: Politiet fekk melding om ulukka like etter klokka fire. Ein kvinneleg syklist var funne skadd utanfor vegen i Kvammadalen på Aurlandsfjellet.
Både politi og helse rykka ut til staden. Kvinna i 30-åra vart frakta til Haukeland sjukehus i luftambulanse. Skadeomfanget vert omtala som kritisk.
Politiet har granska åstaden, avhøyrt vitner og sikra sykkelutstyret til den skadde kvinna. Politiet har bestemt at det vil bli oppretta sak på ulukka.
– Hendingsforløpet er ukjent, men det er tydeleg at det er snakk om ei utforkøyring. Så vil etterforskinga prøve å få greie på korleis det har skjedd, seier Kai Henning Myklebust ved operasjonssentralen i Florø.