BUSS MOT BIL: Ingen av busspassasjerane kom til fysisk skade i samanstøyten, men fire personar som frontkolliderte med bussen i ein personbil vart alle alvorleg skadde.
BUSS MOT BIL: Ingen av busspassasjerane kom til fysisk skade i samanstøyten, men fire personar som frontkolliderte med bussen i ein personbil vart alle alvorleg skadde. (Kaia Johnsen Viki / NRK)

Kvinnene frå sundagens kollisjon ved Fjærland er ikkje lenger kritisk skadde

Dei vart frakta vidare frå Førde sentralsjukehus til Haukeland. No vert dei skildra som alvorleg skadde. 

Sogndal: I sundagens trafikkulukke ved Frudalstunnelen var det fire hardt skadde passasjerar i bilen som støytte saman med morgonbussen frå Førde til Sogndal.

Dei to kvinnene vart skildra som kritisk skadde og floge vidare med helikopter frå Førde sentralsjukehus til Haukeland sjukehus. Seint på kvelden sundag vart den eine mannen òg transportert til Haukeland.

Måndag opplyser Helse Bergen at helsetilstanden til dei to kvinnene er alvorleg, men ikkje kritisk. Det er ikkje kome fleire opplysningar om helsetilstanden til mannen som vart floge til Haukeland sjukehus. Hans helsetilstand vart karakterisert som alvorleg. 

Den einaste av dei skadde som framleis er på Førde sentralsjukehus, han som er fødd i 1963, er alvorleg skadd han òg, men Helse Førde opplyser måndag at helsetilstanden hans er stabil. 

Sju personar ombord i bussen

Det var klokka 11.01 sundag at politiet fekk inn melding om ulukka. Ein buss hadde støytt saman med to bilar. Den fyrste bilen frontkolliderte med bussen, og dei fire som vart hardt skadde sat i denne, melder Eivind Hellesund frå operasjonssentralen til Vest Politidistrikt. 

Den andre bilen makta ikkje å stogga heilt og kom skliande i bussen, men det er ikkje meldt om fysiske skader hjå den eller dei som var i denne bilen. Bilen fekk minimalt med skade. 

Det var sju personar i bussen som kolliderte, og dei kom ikkje til fysiske skader, men fleire var i sjokk, fortel Hellesund.

Kunne ikkje stille med luftambulanse

Hellesund opplyser vidare at det var svært vanskelege køyreorhold då ulykka skjedde, og då naudetatane rykte ut. Det var tilnærma snøstorm. Grunna dei vanskelege vêrtilhøva vart det ikkje sendt luftambulanse. Naudetatane laut køyra med ambulanse til ulukkesstaden. 

Tre av dei skadde vart køyrde til Førde sjukehus med det same naudetatane kom på plass. Den fjerde personen sat fastklemd ei lang stund, og helsepersonell og brannvesen samarbeidde om å få vedkomande laus. 

Vegvesenet rykte ut til ulykkesstaden omlag 13.00, for opprydning og oppmåling og analysering. 

16.00 opna dei for manuell dirigering, ettersom den ulykkesråka bussen ikkje hadde late seg flytte enno på det tidspunktet.

Passasjerane i nettbussen vart henta av ein annan buss og frakta vidare til Sogndal av ein annan buss på eit tidlegare tidspunkt. 

Hellesund opplyser at det vart teke blodprøve av begge sjåførane, for å sjå om alkohol eller anna har vore med i biletet, og for å eventuelt utelukke dette. 
Førarkortet til sjåføren er rutinemessig inndrege inntil vidare. 

Overfor NRK har politiet òg opplyst at dei har avhøyrt vitne.

Til toppen