BEDRIFTSNETTVERK: Jannet Aksnes er ein del av det kvinneleg bedriftsnettverket Embla i Aurland. Nettverket består av kvinnelege leiarar innanfor reiselivet i kommunen. Saman skal dei skape endå betre vinterturisme. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Kvinner dominerer reiselivet i Aurland

Det er ei overvekt av kvinnelege leiarar innanfor reiselivet i Aurland. Desse har gått saman i eit bedriftsnettverk, men er ingen vinklubb, forsikrar Jannet Aksnes.

Aurland: Ho er dagleg leiar på Vatnahalsen høgfjellshotell og ein del av bedriftsnettverket Embla, der 14 kvinnelege leiarar og bedriftene dei leiar har forplikta seg til å prioritere utviklingsarbeid innanfor reiselivet.

For å vere med i nettverket er det to sentrale krav. Du må vere kvinne, og du må vere leiar. Og ikkje minst må du drive med heilårsturisme.

– Saman skal me utvikle vinterturisme og finne løysingar. Det vart påpeikt at me kanskje var litt for mange, men det er fordelen vår, meiner eg. Me er mange, og me er ganske sterke kvinner. Det er ingen vinklubb, seier Aksnes.

Det var ordførar Noralv Distad som kom opp med ideen for snart to år sidan. Det som byrja med ti bedrifter, er no blitt til 14. Her er alt frå bedrifter med éin tilsett til fleire titals tilsette med. 

– Å ha ein møteplass med takhøgde er viktig. Me har eit felles problem som me skal løyse saman. 

Pliktar å prioritere arbeidet

Medan utvikling av vinterturisme er hovudprosjektet, er kvinnene delt inn i fleire temagrupper dei jobbar med. Konkret er det danna eit kokkenettverk, der lokalmatprodusentar kan møte alle samstundes og selje produktet sitt. Det vert også jobba med ein aktivitetskalendar. 

– Korleis skal de oppnå resultat med det som de held på med?

– For det første må alle skrive under på dei pliktar å prioritere dette. Så har kvar gruppe eit mål og resultat i løpet av året. Av dette er det ikkje alt eg kan snakke så høgt om akkurat no, men det er viktig i seg sjølv berre det å samlast, svarar ho og seier at på enkelte ting har dei eit perspektiv på fem år. 

Nettverket har også vore på studieturar, der dei har sett på korleis ein kan kople reiseliv og helse saman. 

– Løftar reiselivet

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, tykkjer arbeidet dei gjer er fantastisk.

– Det har kome litt av seg sjølv her, men var såpass spennande at næringsministeren møtte dei for to år sidan då ho besøke kommunen. Eg tykkjer det er spennande og fantastisk at kvinnene leiar og utviklar bedrifter. Dei løftar verkeleg opp reiselivet. Dette er innovasjon og gründerskap heile vegen, seier han.

Til toppen