LIKELØNN: Leiar for Raudt Sogn og Fjordane, Ingunn Kandal.
LIKELØNN: Leiar for Raudt Sogn og Fjordane, Ingunn Kandal. (Foto: Firda / Geir Ivar Ramsli)

MEININGAR

Kvinner jobbar gratis ut året!

Leiar for Raudt Sogn og Fjordane, Ingunn Kandal meinar lønnsgapet mellom kvinner og menn må tettast snarast.

Meiningar: 16. november var ein merkedag – likelønnsdagen! Då hadde vi lagt bak oss 87,5 prosent av året. Offisiell lønsstatistikk viser at kvinner tener i gjennomsnitt 87,5 prosent av det menn gjer. Under føresetnad av at menn og kvinner hadde same månadsløn, inneber dette at kvinner jobbar gratis resten av året.

Forskjellen har riktig nok blitt litt mindre dei seinare åra; den var 83,6 prosent i 1998 og 85 prosent i 2008.

Men med denne farten, vil det ta 50 år før vi har reell likelønn i Noreg.

Ingunn Kandal

I 1960 ratifiserte Noreg FN sin likelønnskonvensjon som gir pålegg om å sikre lik lønn for arbeid av lik verdi. Ein ingeniør og ein vernepleiar har like lang utdanning, men ingeniøren har 140 000 meir i årslønn, i følgje tal frå SSB. Dette gir tydelege signal om at kvinner sitt arbeid er mindre verd enn menns. Og dette lønsgapet må tettast!

I 2009 oppnemnde regjeringa ein likelønnskommisjon som foreslo å setje av ein pott på tre milliardar kroner for å dekke lønsgapet mellom menn og kvinner. Men det har vist seg at dette var på langt nær nok.

69 prosent forskjell på bruttoinntekta

Mange hevdar at kvinnene sjølve har skulda, fordi dei jobbar mindre enn menn og derfor tener mindre. Og det er eit faktum at kvinner har færre timar med lønnsarbeid enn menn. Derfor snakkar vi i likelønnsdebatten om lønn og ikkje om inntekt.

Lønn er betalinga du får for det lønnsarbeidet du gjer, mens inntekt er det du faktisk får inn på konto; arbeidsinntekt, trygder og aksjeavkastning. Dette gjer at inntektsforskjellen mellom menn og kvinner er mykje større; kvinner sin brutto inntekt er berre 69 prosent av menn sin inntekt.

Frivillig og ufrivillig deltid er ei viktig problemstilling, men kan ikkje brukast for å forklare forskjellar i lønn. Og det handlar heller ikkje om utdanning. Forskjellen er faktisk minst for dei som berre har grunnskuleutdanning og høgast for dei med meir enn fire års utdanning på universitet eller høgskule.

Så det er i realiteten mindre lønnsamt for kvinner enn for menn å ta høgare utdanning.

Kronargumentet er at kvinner berre har seg sjølve å skulde på, fordi dei vel så tradisjonelle yrke. Men forskjellane finst og er godt dokumenterte både i offentleg og privat sektor. Viss ein held fram som no, vil desse forskjellane berre auke. Derfor må det sterkare lut til, ved at det blir sett av ekstraordinære midlar ved fleire tariffoppgjer framover for å heve «kvinnelønna».

Då kan ein kanskje ha von om at likelønnsdagen etter kvart kjem nærare 31. desember!

Til toppen