KAN HA SETT NOKO: Denne kvite Teslaen køyrte forbi ulukkesstaden like før tre bilar kolliderte.
KAN HA SETT NOKO: Denne kvite Teslaen køyrte forbi ulukkesstaden like før tre bilar kolliderte. (Foto: Politiet)

Kvit Tesla fanga på film like før dødsulukka

No ønskjer politiet i Aurland å koma i kontakt med føraren.

Aurland: Politiet har fått ein video frå eit dashkamera som viser ein kvit Tesla Model 3 som køyrer på E16 i retning Flåm, kring klokka 18.35 førre fredag. Rundt minuttet seinare kolliderte tre bilar, og ei kvinne miste livet.

– Bilen passerte ulukkesstaden like før ulukka skjedde. Me ønskjer å snakka med føraren fordi vedkommande kan ha informasjon som er av interesse for politiet, seier tenestestadsleiar for politiet i Aurland, Knut Arne Klingenberg, til NRK, som først omtalte saka.

Måndag gjekk politiet ut og ba vitner til ulukka om å melda seg. Det resulterte i åtte telefonar til tipstelefonen.

– Me går gjennom tipsa, og tek nye vitneavhøyr, seier Klingenberg til Porten.no.

Jaktar fleire videobevis

Den kvite Teslaen var ikkje den einaste som køyrte på E16 denne kvelden. Ein grå Model S var blant dei tre involverte bilane.

Sidan 2014 har alle Tesla-bilar blitt utstyrte med kamera. I tillegg registrerer datamaskiner ombord informasjon som fart og aksellerasjon. Blant spora politiet følgjer, er om dei kan få tilgang til køyredata frå den grå Teslaen.

– Det jobbar krimteknisk i Bergen med, utan at eg har full oversikt over kva tilbakemeldingar dei eventuelt har fått, seier Klingenberg. 

Seksjonsleiar Odd Arve Solvåg seier dei ikkje uttalar seg om saker dei hjelper til i, og viser til etterforskarane for kommentar.

Ingen er sikta i saka

Etter ulukka fekk dei to andre sjåførane rutinemessig status som mistenkte. Førarkortet til den eine vart kversett. Politijurist Ingeborg Drægebø seier dei enno ikkje har teke ut formell sikting i saka.

– Politiet jobbar framleis for å få klart for seg hendingsforløpet. Utover det ønskjer eg ikkje å kommentera nærare av omsyn til etterforskinga, seier ho.

Klingenberg har ikkje noka formeining om når dei er klare til å senda saka over til påtalemakta.

– Eg vil heller ha kvalitet på arbeidet, enn at me blir ferdige i dag, seier han.

Til toppen