KVITT: Slik var stoda på Tyinosen på Fv53 kring klokka 10 onsdag. Foto: webkamera/Statens vegvesen
KVITT: Slik var stoda på Tyinosen på Fv53 kring klokka 10 onsdag. Foto: webkamera/Statens vegvesen

Kvite fjellovergangar – ventar liten storm

Meteorologisk institutt varslar sterk vind på kysten og vanskelege køyreforhold over fjellovergangane.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane, der det kan koma full storm på kysten mellom Bergen og Trondheim og sørvestleg liten storm i høgfjellet.

Regnet vil koma frå føremiddagen onsdag, og legg seg som snø over 1000 til 1200 meter. Både vind og snø vil gi vanskelege køyretilhøve på fjellovergangane.

Statsmeteorolog Kristin Sæter ved Vêrvarslinga på Vestlandet seier til NRK Sogn og Fjordane, at om du er på dei rette stadene vil du merke hauststormen godt. 

Vêret kan du sjekke på Porten.no

Webkamera til Statens vegvesen syner at det kring klokka 10 framleis er kvitt over fjellovergangane E16 Filefjell, Rv52 Hemsedalsfjellet, Fv53 Tyin-Årdal og Fv50 Hol-Aurland. 

Trafikkmeldingar frå Statens vegvesen finn du her. 

Til toppen